onsdag 19. februar 2014

Heilage timar

Solnedgang over Stavenesodden i går kveld


Eg hadde venta litt på denne kvelden. For når det no lysnar om ettermiddagane, og vèret er fint, blir det fantastisk flott oppe på fjellet på nordsida av Stongfjorden. Medan sørsida og bygda ligg i skugge, får ein nydeleg utsikt til sola som går i havet her oppe. Lyset blir heilt eineståande i timen før det blir heilt mørkt. Å nyte denne stunda i landskapet ved Krikavatna og Toreheia er berre ein heilt spesiell opplevelse. 


Ja, når eg kom ned til Krikavatna rann denne underlege kjensla over meg som er vanskeleg å beskrive. Kanskje skuldast tankane ein kombinasjona av adrenalin og endorfinar som boblar i blodet, eg veit ikkje, men iallefall er det ei slags melankolsk lukkestemning som gjer det vanskeleg å halde tårene tilbake. Akkurat det gjer no ikkje så mykje då, her eg vandrar i mitt eige åleine, men roa, stilla, det ubesudla i naturen her gjer eit vanvittig sterkt inntrykk på sinnet. Det triste i å ikkje skulle kunne få oppleve naturen slik til evig tid er sterk. Livet går sin gang. Kroppen eldest - som solnedgangen, og snart, om ikkje nett endå, vil eg ikkje kunne få ha denne opplevinga lenger. Ikkje akkurat nokon dødstanke, snarare ei intens lukkekjensle av å leve her og no. Området vil ligge her like godt om ikkje eg er her. Filosofiske tankar som nesten er umogelege å ordsetje. Kjensla må berre opplevast. Naturen på nordsida av Stongfjorden kan kalle fram dei underlegaste inntrykk når timen er der....!

Tilbake til turen, så låg det ein heil del meir snø i bakkane opp frå vatna enn lenger nede. Litt meir enn berekna. Rabbane og hammarslaga var heller ikkje så avblesne som dei brukar å vere. Difor vart det ein relativ tung tørn å kome seg opp bakkane til toppen. Men utsikta bak meg trigga jo heldigvis til eit par stopp då... 


Det var ikkje heilt mørkt då eg kom opp. Snøen skimra i rosa fargar av lyset i vest. Stjernehimmelen i aust viste seg fram meir og meir. Lysa frå øyane i Flora, Svanøya, Florø og Bremanger i nord openbare seg etterkvart tydeleg. Men av erfaring veit eg at å få vrengt av seg sveittevåte klede til herleg varm ull og dun, gjer opplevinga av naturen og utsikta mykje sterkare enn når kulden kjem sigande på med kjenslelause nevar (knappane på kameraet blir heilt uhandterlege når fingrane blir valne....). Difor er nesten alltid første bud på denne tid - få på byteklede... 

Svanøy og Florø frå Toreheia i går kveld 
(foto teke med nattinnstillling, sjølvutløysar og 15 sekund lukketid)

Eg tutla meg ned igjen etter kvart. Og følgde spora eg hadde sett av opp. Var greiast det i kveld. Det nesten utrulege var at ved hjelp av stjernene og nysnøen kom eg meg heilt ned igjen på Rinda utan å tenne hovudlykta. Ja, stjernehimmelen, spesielt i sør over Moldura, var utruleg flott. Men frå Rinda og heim måtte eg ha ekstra lys. 

Fantastisk kveld !




Foto Toreheia 180214
(nokre av bilda er tekne med  nattinnstillling, sjølvutløysar og 15 sekund lukketid)

Ingen kommentarer: