lørdag 1. juni 2013

Tjukk skodde...

På Bakkefjellet i tjukk skodde i dag tidleg...
Eg tok meg ein kveld fri frå trim og fjell i går. Greitt å la kroppen få kvile litt og spare på krutet. Det er vel ein balanse med alt her i livet. Rett nok er eg slik skrudd i hop at når eg går inn for noko, ja så blir det til gagns. Medan andre ting bryr meg lite... Litt av og på for å seie det slik. 

Kva som betyr noko har nok endra seg litt opp gjennom åra. Slik er vel livet. I stadig endring. Og ikkje ein dag er lik. Personleg har eg det iallefall betre enn nokon gong. Slikt trur eg har med den fysiske forma å gjere. Eg trur mykje "går seg til" når forma er god. 

Nei, eg var ein tur ned på Bakkefjellet i stad. I lett yr. Og skodda var så tjukk at eg kunne skore ho med kniv. Heilt piano for det. God sti opp der. Ja, sjølv der eg går opp bratta på vestsida var det ingen problem. Der er det akkurat merke etter steglengda mi no...:-) Til selskap hadde eg "Queens of the stone age"...:-)


Ingen kommentarer: