mandag 20. mai 2013

Kjekke fjellfolk

Mobilbilde frå Blåfjellet i ettermiddag

Det vart ein rask tur til i dag. Ja, du treng ikkje tippe to gonger. Tørt, varmt og stilt på Blåfjellet i joggesko og shorts. Aldeles herleg. Slik som eg ynskjer desse sommarturane her nede. Det går jo så mykje kjappare og lettare med lite klede og lette sko enn vinterdagen då ein må dra på alt slags utstyr og klede opp i fjellheimen. Så no er det berre å peise på opp og ned. Easy match easy done....:-)

Det nådde opp ei jente på toppen nett før meg i ettermiddag. Vi hadde oss ein god fjellprat ved varden i det flotte vèret. Både om fjella i Askvoll, ruter, merking og fjelltrimmen. Kanskje er det noko med fjellfolk som gjer at slike møte alltid er av det gode slaget? Ei felles plattform og interesse når ein treffest i fjellet? Iallefall er mange eg treffer både utadvende og sosiale i slike settingar. Berit var ikkje noko unntak i så måte. Kjekk jente med foreldre i Askvoll. 

Ja, så var pinsa unnagjort. Og slik ser det visst ut til at godvèret er òg i denne omgang. Alt er ein overgang. Men fjellturar blir det nok i neste veke for det. Stay tuned...:-)

Kjekk jente på Blåfjellet i ettermiddag

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Gustav! Det var veldig gøy å treffe deg på fjellet! Har fulgt bloggen din lenge, til glede og inspirasjon og planlegging av turer i Askvoll og Holmedal :)

Mvh Berit

Gustav Skaar sa...

Veldig hyggeleg med kommentar Berit ! Og ikkje minst at du har følgt bloggen! Det er noko av meininga mi det at den skal vere til litt inspirasjon!

Er ikkje kvar dag det ligg kommentarar her, så det er litt uvant...:-) Men er det noko du lurer på om fjell, turar og ruter her i distriktet er eg alltid tilgjengeleg. Både her, på facen, instagram eller privat på 97169357 !

Takk igjen for triveleg møte...;-)