fredag 8. mars 2013

"Spise solnedganger som drops..."


Så vart det Askvoll-tur i dag òg. Eg køyrde Peter på fotballtrening og gjekk på Blåfjellet i mellomtida. Tredje dagen på rad. Men pytt. 
Undervegs i dag gjekk det nemleg opp for meg at dette fjellet er det beste på fjelltrimprogrammet av alle her nede. Eg har gått alle dei andre 6. Mange gonger. Men Blåfjellet er det eg har likt best. Trur faktisk det er det som er mest effektiv trim med òg. Det har mange kneikar, avløyst av nokre småflater og sløyfer, slik at du akkurat får pusten igjen til neste kneik. Når du gir på litt vel og merke. Dette passar meg godt. Blir litt intervalløkter på eit vis.

I kveld var det nok ein praktfull kveld her opp. Stilt og fint heilt til havs med ein nydeleg solnedgang. Dokka og Moldura i aust i praktfullt rosa skjer. Og bygda i skuggen der nede, klar for kvelden. Fantastisk å stå her oppe då! 
Eg prøvde ut nokre nye Salomon GTX halvhøge joggesko på denne turen. Eg vart imponert. Dei sat på som om eg hadde broddar under... (Ok - nesten då...) Ikkje akkurat på blanke isen, men på snøen og skaren sat dei jammen godt på. Og vekta... ein brøkdel av fjellskorna...! Glimrande kjøp spør du meg.

Utsikt frå Eidsfjorden på veg heim igjen...

Ingen kommentarer: