torsdag 7. mars 2013

Nok ein solnedgang...

 


Eg tok ein rask ein på Blåfjellet i Askvoll med joggesko i dag òg sidan eg likevel måtte til Rivedal etter Peter. Han var i gebursdagsselskap. Kjempeflott tur. Ikkje minst den flotte solnedgangen i skylaget der i vest. Sidan eg var noko seint ute vart det nesten endå finare enn i går. Også fordi skylaget ikkje var så tjukt. Eg nådde akkurat ned igjen før det vart heilt mørkt.

No ser det visst ut til at helga blir endå flottare. Så då blir det kanskje foto av nok ein solnedgang. Då får eg heller ta med fotoapparatet. Bilda ovanfor er òg med Samsung Galaxy 3 smarttelefon.

Ingen kommentarer: