lørdag 9. mars 2013

Kald morgonstemning

Morgonstemning i Porten.

Eg tok tidleg avgarde på Stordalsfjellet i dag tidleg for å utnytte skareforholda. Undervegs lurte eg på om det var nødvendig å starte så tidleg, for så bitande kaldt og kald vind det var, så blir det nok ikkje plussgrader her ut over dagen. Og då blotnar no heller ikkje snøen. For austavinden reiv jammen godt. 

Eg gjekk rundt gjennom Porten og øvst i Stordalen som forrige helg. Tok heller ikkje sjansen på skaret oppe ved Portafjellet i dag heller. Det er så isete at det berre er stegjarn som duger. Men elles gjekk det veldig greitt med broddar og fjellsko. Sat godt på skare og isforholda som var. Har nokon tenkt seg opp seinare i dag eller i morgon, så ver obs på at heile toppen og siste bakken opp på toppen av Stordalsfjellet berre er knudrete og knallhard is. Utan noko under føtene er det forbunde med fare og ta seg opp her no.

Til Oslandsbotnen igjen sprang eg for det meste på skaren. Flott, men kald tur. Tærne var godt valne då eg kom ned igjen...

Motiv øvst frå Stordalen.
Blegja i bakgrunnen.

Ingen kommentarer: