mandag 25. mars 2013

Strålande dagar

Mot Florø.
Indrevågefjellet i midten og Middagsnipa t.h.

Desse påskedagane er nesten for gode til vere sanne. Strålande sol frå skyfri himmel utan vind. Fjorden ligg dammande still heilt til havs. Og eg har skote gullfuglen ved å ha fri! Det brusar i blodet og hei kor det går. Så det vart Stordalsfjellet i dag òg.

Eg starta ein god del seinare i dag av ymse årsaker. Greitt å vente på sola litt òg. Så øverst i Brekka traff eg Vigdis på veg ned igjen. Vi stoppa og prata nokre minuttar der. M.a. om ruta nord om Portafjellet som ho hadde gått. For å få litt forandring i kosten tok eg difor denne opp i dag. Det gjekk heilt fint ja. Takk for spora Vigdis. For det låg noko fòksnø i eit parti på nordsida. Litt isete var det lenger oppe, men egentleg bagatellar når du har broddar under skorna. 

Fòksnø, skavlar og is på nordsida

Eg gjekk ned igjen same vegen. Til å vere så tidleg påske var det nesten rart kor sola steikte i hellingane mot sør nede i Porten. Eg tenkte eg skulle finne meg ein fin plass, men det vart faktisk til at eg sprang like på Botnastølen før eg stoppa. Men då fann eg ut at eg måtte få i meg skivene og ta livet med ro ei stund. Som sagt så gjort. 


Etter å ha slappa av ei stund der i sola, sprang eg siste stykket til Oslandsbotnen, og køyrde heim igjen. Men neste gong trur eg at eg må ha med kaffien. Det var i grunn berre den som mangla i dag!


Ingen kommentarer: