torsdag 31. januar 2013

På gummisålar


Størdalsstauren i ettermiddag

Etter å ha hatt personalmøte på jobben etter arbeid i går, med relativt seint heimkome, vart det trimpause. Men i ettermiddag bar det opp igjen på Størdalsstauren. Det var etter å ha kome opp, og på veg ned igjen, at eg kom på songen "Nå går`n på gummisåler". For skaren heldt berre annakvart steg. Det er som du kan skjøne ganske mykje tyngre å gå når du sig gjennom skaren i motabakkane. Så eg gjekk så lett som mogeleg. Men lettare enn det du er, er jo litt vanskeleg å gjere seg då. Turen vart difor nesten like tung ned igjen som opp...! 

No er det ikkje slik porøs skare heile vegen, for lengst nede er det ikkje snø. Rettare sagt var - fordi det begynte å snøe skikkeleg på veg ned igjen. Kor mykje det blir av det får vi no sjå i morgon. Første del av helga har bra meldingar, så kanskje det ikkje kjem så mykje likevel.

Elles var no turen heilt slik som vanleg. Og sidan eg i dag gjekk på gummisålar, miste eg berre ein brodd i Icer`sen òg...:-) Forøvrig fekk eg meg ein boks med ekstra skruar hin dagen.

Kor mykje meir eg kjem til å gå på Størdalsstauren framover er litt usikkert. Det er eit par andre fjell lenger sør og vest eg no vil konsentrere meg om. Men eg ventar litt på ettermiddagslys. Stordalsfjellet er likevel pri 1 i helgane ei stund endå.

Ingen kommentarer: