tirsdag 4. desember 2012

Stimulerande kveldstrim

Stongfjorden og Stongsvatnet

Flott kveldstrim på Indrevågefjellet igjen i kveld. Nokre minusgrader og litt trekk svei godt i kjakane. Elles er det beinfrose over alt no. Og issvullane som har ploppa opp er slett ikkje ufarlege om ein går seg frampå. Spesielt i mørket kan dei vere vonde å få auge på. For det blir lett litt skuggar i lendet når du går med hovudlykt... Eg gjekk klar, men måtte sjå meg bra føre ned igjen. 

Det er fantastisk flott om dagen. Sjølvsagt skulle ein ha hatt fri frå arbeid for å kunne nytt dagane fullt ut, men ein kan vel ikkje søkje seg permisjon av den grunn heller.... Sjølv om ein har aldri så lyst! No fekk eg ut ein fridag på fredag, og får vere nøgd med det. Resten kan komme til gode neste år. Som bankmann er det jo greitt å spare litt...

Ingen kommentarer: