lørdag 29. desember 2012

Reine vårløysinga

Rabbetusten har endå litt haustfargar på Størdalsstauren.

Eg tok ein rask tur opp igjen på Stauren i dag òg. For til mi store overrasking vart det nemleg opplett. Men det har nok kome mykje regn i løpet av natta. Ja, det var nesten utruleg å sjå kor mykje snø som hadde forsvunne sidan eg var opp i går ettermiddag/kveld. Målaren i bilen viste 8 plussgrader, og kombinert med den sterke vinden, var dette ein effektiv snøsmeltar. Mange av elvane fløymde over av vatn opp på den tjukke isen. Eit par plassar nedom platået trakka eg skikkeleg gjennom nokre fonnar og rett i bløyta under. Heldigvis hadde eg snøra softshell-buksa fast under skorna...

Eg fekk meg forresten litt av ein trim på toppen då eg ein augneblink gløymde plastposane til trimboksen som eg hadde under foten. Dei fauk først til himmels. Deretter tok ein mot Størdal og ein mot Stafsnes. Fram og tilbake hit og dit. Den til Størdal fòr utfor hammaren, så ser de den der nede så er det eg som er syndaren. Den andre la eg på sprang etter. Og etter mykje hit og dit fanga eg han langt nede på platået. Det var i grunn ein sur tur opp igjen med posen... For der oppe var vindkasta så sterke at eg hadde problem med å fote meg når dei kom. 

Elles var det sjølvsagt blitt ein heil del is etter regnet. Telen som sit i jorda er glatt no. Så det er absolutt ein fordel å ha broddar. Noko anna er iallefall ikkje å anbefale opp her. Då kan det fort ryke ein fot eller eit kvart. Spesielt ned igjen.

Ingen kommentarer: