fredag 7. desember 2012

Fantastisk feriedag

 Foto Stordalsfjellet i dag tidleg!

Feriedagen eg fekk teke ut no i desember var perfekt! Midt i blinken! Eg keik ut av glaset i 6-tida, og ein halv skalk av ein måne skein inn i senga til meg. Men det var jo altfor tidleg å ta avgarde. Så eg måtte berre roe meg ned til Olaug og Peter var reiste på jobb og skule. 

Eg var på plass i Oslandsbotnen noko seinare. Såg ikkje så nøye på klokka, 8.30 kanskje. Men det var iallefall godt lyst. Minus 8 viste gradestokken i bilen. Heldigvis var det nesten stilt. Likevel er trekken frå aust, søraust der oppe iskald på denne tid. Og spesielt når du kjem opp på toppen av Brekka, og svingar austover inn på Botnastølen. Trekken reiv skikkeleg i kjakane og tårene trilla. Beinfrose var det overalt. Myrane i Porten var lette å ta seg over. Likeeins bakkane lenger oppe. For snø er det ikkje kome endå. Heilt ubetydeleg iallefall. Men jammen var føtene likevel tunge. Tydeleg at eg hadde gått ein del denne veka. Så eg tok det heilt med ro oppover. 

Skålefjellet og Nipane i morgonsol

Det er alltid eit kick å få oppleve første solstrålane for dagen på denne tid av året. Og etter å ha gått ein times tid i beinfrose og skuggelagt landskap, kikka sola fram på sørsida av Portafjellet. Dette er  nesten oppe ved Stordalsfjellet. Ho kjem alltid her sola, då det er sikt sørover. Ja, når det er klårt då. 

Issvullane er framleis like skumle oppe på Stordalsfjellet, men eg toppa greitt ut. Trekken svei ekstra godt i andeletet, men eg hadde byteklede med meg, så eg heiv av meg alt på overkroppen og fekk på meg tørre og varme klede. Rab-dunjakka er utruleg varm. Ja, nesten for varm å gå i til vanleg. 

I dag gjekk eg ned igjen same vegen. Men tok turen langs elva ned til Portavatnet, og såg litt på kjøa under isen. Kjøa ser alltid større ut under vatn enn over, men nokre av dei eg såg i dag var jammen flotte! Det er ikkje av desse eg har fått her oppe, så det er berre å prøve meir til våren igjen....!

 Foto frå Størdalsstauren i kveld

Etter å ha slappa av heime ei stund, tok eg like godt ein tur på Størdalsstauren òg. For å få med meg siste lyset ute i havet. Du verda kor flott det var. Så eg knipsa nokre bilder her òg, men nådde akkurat ned igjen før det vart heilt mørkt...
Fantastisk flott turdag!


Ingen kommentarer: