lørdag 8. september 2012

Skiftande vèr

Ei ny byge frå vest. Skålefjellet t.h.
Foto med smarttelefon på Røyrbotnholten i dag tidleg.

Eg drog først til Rivedal igjen i dag tidleg og gjekk på Røyrbotnholten. Veldig blautt over myrane nordover frå demma. Ja, det var nesten overflatevatn overalt. Det saug. Eg hadde allereie løyst sveitten godt då eg tok til på stigningane oppover. 

Vèret var faktisk ganske bra. Til og med sola keik fram. Men litt lenger oppe såg eg illevarslande lillafarge på himmelen i vest. Det var berre å gje på og komme seg opp. Og det heldt akkurat. For då eg nådde toppen braut det laust med skikkeleg regnvèr og vind. Ja, det til og med hagla rundt øyrene på meg så det skvatt. Eg kom meg litt i le ved varden og venta til det verste hadde gitt seg. Deretter sprang eg det meste av vegen ned igjen. 

Så bar turen til Askvoll og opp Askdalen til Kultingane. Eg skjønte på oppstillinga av bilder nede at det var sauesanking på gang. Eg vart difor litt i stuss om eg skulle gå. Men søtten eg hadde ikkje kome ned her utan. Så eg knytte på meg dei nye goretex joggekorna og kom meg avgarde oppover dalen. 

Sjølv om det var ganske vått, skite og sleipt gjekk det radig til topps. Her såg eg at det kom eit heilt drev med sauer inne frå Steinheia-traktene. Det var ikkje eit minutt å miste. Skulle eg komme meg framfor dette kompaniet måtte eg springe. 

Sjølvsagt låg eg langflat i gjørma nede i bakken. Jakka, buksa og nevane var gjennomdritne. Men pytt eg var like heil og sprang berre vidare. Eg nådde ned framfor sauefølgjet. Likevel tok eg att nokre sauer i stien lenger nede. Dei gjekk ikkje an å komme seg forbi, så eg berre følgde etter ned forbi grinda som i dag stod open. Sauene tok så ned Prestemarka, og eg fekk springe siste stykket til bilen. 

To fine turar i boks, og eg var heime igjen før kl 12...:-)

Foto Røyrbotnholten Kultingane 080912

Heime, før eg gjekk i dag tidleg. Foto smarttelefon.

Ingen kommentarer: