tirsdag 17. juli 2012

Sosiale dagar

 April 2012
Kristine på Fauske i Bygstad

 Kristine på bokhandelen hos besta i Dale

I går var mellomste dotter mi Kristine 30 år. Ein liten milepæl i livet. Ho såg visst ikkje mykje fram til det æsj-talet... Og det er vel gjerne slik med dei fleste av oss - vi har ikkje så mykje lyst  å bli  eldre enn det vi er. Men derom er det intet at gjøre! Når eg prøver å seie at eg nettopp tykte at eg nådde 30-talet sjølv, så er det sikkert ikkje så lett å forstå. Slik er det no eingong med alderen. Det viktigaste er å vere nøgd med dagen i dag som han er. Den kjem aldri att...! 

No feira visst Kristine dagen i Bergen. Men det vart iallefall middag og kaffislabberas i Førde i går med den næraste familie. Alltid kjekt å treffast. 

I dag tok eg turen til Dale og besøkte foreldra mine. Åra står ikkje stille for dei heller. Mamma er særs oppegåande og positiv, men diverre skortar det litt på fysikken for far min. Heldigvis er det ingenting i vegen med vitet, sjølv om staheita gjerne kunne vore litt avslipt. 

I ettermiddag tok eg meg ein god joggetur til gruvene i Vågane. Den gamle ruta. Det gjekk så lett som aldri før. Både opp bakkane og siste stykket heim. Ja så lett at eg storkosa meg og måtte le med meg sjølv både opp og ned. Tyrkiaopphaldet har jammen gjort godt! Joggeturane i 30 varmegrader på morgonen der nede må ha virka positivt. Eller så må det ha vore dei gedigne måltida og fråtsinga i frukt og is. Eller kanskje rett og slett 14 dagar med sol og varme og rikeleg med D-vitaminer? Dei skal visst gjere underverk på det meste, både kroppsleg og psykisk. Det silregna og var 12 varmegrader på joggeturen i dag. Det kjendest nesten som om kroppen bad om akkurat det. Kanskje er det dette vestlendingen innerst inne er bygd for...;-)
  

Ingen kommentarer: