onsdag 25. juli 2012

Rundtur Blegja og Høgefjellet

Høgefjellet i kveld

Eg tok turen på Blegja på veg heim etter arbeid i dag (tirsdag). Deretter gjekk eg vestover til Høgefjellet og returnerte til Rørvika. Ei fin runde. Men turen tek fort nokre timar. Sjølv med bra fart.  

Det var flott vèr og bra temperatur då eg starta frå Rørvika i 16-tida, men litt vind. Eg valde difor lettast mogeleg påkledning - shorts og berre ei trøye rundt livet for ei rask oppstigning. Men tok fjellskorna.  

Eg kom meg fort opp forbi Nipebua, sørover traversen forbi Rørvikenipa, og opp til Nipevatnet. Her ein på nytt for sikt til toppen. Det vil seie at no var toppen borte - i skodde. Den hadde blese fort inn frå sørvest. På same tid forsvann sola, og ja, det vart kaldt. Stein, snø, skodde og vind. Og lite klede. Som teke ut av ei turhistorie med ekkel utgang. 

Utan å brese for mykje, svarar det seg sjølvsasgt å vere i god form. Di kortare tid du treng å opphalde deg under gufne forhold med dårleg utrustning, di lettare kjem du deg ut av situasjonen. Så og snu var aldri i tankane mine. Derimot å komme meg så fort som mogeleg opp og ned igjen. Under skoddelaget og vinden. Det gjekk heilt problemfritt. Men den enkle, tynne trøya eg hadde rundt livet, måtte eg tre på meg på toppen, for å seie det på den måten...:-)

Nede ved Nipevatnet igjen, der skodda var vekke, bestemte eg meg for å gå vestover forbi Tobbedalsvatnet, runde Kringlefjellet og gå toppane vestover til Høgefjellet. For å ta med meg den trimposten òg. I utgangspunktet var ikkje dette heilt etter planen. Men når eg først var i gong...:-)

Eg småsprang det meste av vegen vestover. Eg kjende likevel det var lenge sidan lunsjtid på jobben no. Rett før toppen på Høgefjellet traff eg Dag Tore, Anita og Line. Vi slo av ein liten prat. Men kulden reiv fort i skrotten. Eg fekk likevel knipsa eit bilde før vi gjekk kvar vår veg. No vart det likevel til at eg tok dei igjen på returen til Rørvika, då eg sprang ned igjen. Peter var åleine heime. Han lurte på kvar eg var. Og ynskte meg heim igjen.... Ja, det var ei stund sidan eg køyrde på jobb no - 14 timar...:-)

Foto Blegja 240712

Eg traff Dag Tore, Anita og Line ved Høgefjellet

Ingen kommentarer: