torsdag 19. juli 2012

Perfekt på Blegja

Førdefjorden innover mot Naustdal frå Blegja i dag

Eg fekk meg ein skikkeleg feriedag her heime òg i dag. Kjekt at vèrgudane såg i nåde til oss vestlendingar, om ikkje meir enn ein dag eller so... Eg nytta sjølvsagt dagen i fjellet, og i dag stod Blegja og vestover til Høgefjellet for tur. 

Snøen har naturlegvis minka sidan sist eg var oppe. Det skulle no berre mangle. Men det går lenger tid å gå urane både opp og ned når det ikkje låg snø her. Dette merkast godt på turen vestover til Høgefjellet òg. Så i dag tok heile seansen godt over 5 timar, berre med litt fotopausar hist og pist. 

Det drog på med litt skyer ut over dagen, og sola forsvann no og då. Eg gjekk likevel berre i shortsen. Ganske kaldt i nordadraget, men det gjekk. Alltid kjekkast å gå mest mogeleg lettkledd. Turane går lettare då. Dessutan mindre å dra på. Eg hadde likevel med meg ei rumpeveske med ei trøye i for sikkerhets skuld. 

No gjekk eg som vanleg opp frå Rørvika til opp under Rørvikenipa, traverserte rundt på vestsida til Nipevatnet og opp urane til toppen. Men returnerte ned på sørsida der ein som oftast går opp frå Dalsfjordsida. Det er flott utsikt austover, vestover og sørover her. Frå toppen er det inga utsikt mot sør og sørvest. Sidan eg har så mange videosnuttar frå toppen, bestemte eg heller for ein snutt frå sørsida i dag. Alltid kjekt å sjå Dalsfjorden veit du...:-) 

Eg returnerte vidare til Nipevatnet. Isen og snøen låg her å duppa i det knallblå vatnet. Fantastisk flott og malerisk. Ekstra kjekt var det å sjå snøsporven hekke i området. Den er på retur bestandsmessig.

  Knallblått Nipevatn i dag...

Då eg gjekk ned og vestover til Toppedalsvatnet, såg eg tre personar som var på veg oppover under Rørvikenipa. Den flotte dagen hadde visst fått andre ut av hiet òg. Det skulle jo elles berre mangle. 

Turen vestover forbi Kringlefjellet til Høgefjellet gjekk heilt som planlagt. Det gjekk litt sauer på strekninga, men elles var det berre heipiplerkene som flaug opp rundt meg eg registrert som liv. 

Veldig fin tur dette i dag...! 


Fra Blegja_Høgefjellet 190712_1
Sol og herlig mat gjorde godt i Tyrkia!
No har eg meir å gå på...:-))


Ingen kommentarer: