torsdag 26. juli 2012

Ekstra på Blegja

Det vart ekstratur på meg på Blegja i går kveld og natt då eit turfølgje på tre personar ikkje fann vegen ned igjen grunna tjukk skodde. Eg vart oppringd av Knut L. og tok deretter kontakt med politiet som ynskte meg som kjentmann for ei gruppe 2 frå Røde Kors i Vadheim. Eg traff desse i Rørvika ca kl 19.30. Eg geleide deretter desse opp gjennom bakkane i rimeleg tjukk skodde frå nesten ved fjorden.

På hytta til Arvid L under Rørvikenipa gjorde vi opp fyr i omnen og venta på nærare ordre. Ei stund etter gjekk ordren frå politiet ut på å følgje etter lag 1 til toppen. Det bles, regna, var tjukk skodde og allereie ganske mørkt. Klokka var ca 22.30.

Eit par timar i førevegen var ei gruppe 1 sendt oppover med folk frå Røde Kors, og kjentmann frå Rørvika. Denne gruppa fekk fysisk kontakt med dei "villfarne" ca 23.30 i går kveld på Heilefjellet, aust for toppen. Det var tjukk skodde, noko vind og 5 plussgrader. Turfølgjet hadde då vore på det eksponerte fjellet sidan morgonen av, og var sjølvsagt både våte, kalde og svoltne, men elles i fin form.

Det vart bestemt at gruppa gjekk til Bygstad gjennom Kvamsskaret ved Storehesten etter GPS. Medan vi andre vart oppmoda av politiet om å overnatte på Nipebua (ikkje Nipebu) under Rørvikenipa. Eg sjølv tok meg likevel ned igjen til Rørvika rundt midnatt. Det var då tett skodde nesten til fjorden, ganske mørkt og vått (Eg skulle på jobb i dag). Dei sakna kom seg til bygds i 06-tida i dag tidleg etter ein litt for lang tur...


Skoddebilder frå området der dei "villfarne" vart funne.
Eit vanskeleg parti i skodde. 
Men endå verre innanfor der det er flatare og breiare lende som vist under.


Agnar sjekkar gps i skodda på Heilefjellet

Link til hausttur på Heilefjellet

Ingen kommentarer: