lørdag 16. juni 2012

Fisk og hjort på sym

Høgefjellet og Bjørnastigvatnet i går kveld

Flott tur på Høgefjellet i går ettermiddag. Deretter fisketur i Bjørnastigvatnet og Leknesvatna med overnatting i uteliggar der. I dag gjekk turen motsett veg, nesten...

Det er veldig strabasiøst å bevege seg langs Bjørnastigvatnet, for å seie det mildt, nedtappa som det er. Eg måtte klyve over hamrar og sva. Nesten uframkomeleg enkelte plassar. Stadig vekk, eg heldt på å seie, langt opp på fjellet igjen, for å kome rundt nye hamrar. Akkurat den delen av turen eg hadde no anbefalar eg ingen å ta.... 

I vestenden av vatnet og vestover mot Leknesvatna, er det mykje lettare og ganske greitt å gå. Her har eg i tillegg gått fleire gonger før og er godt kjend. Brukbar sti langs vatnet mellom Leknesvatna og Bjørnastigvatnet. Faktisk på begge sider av dette vatnet som ikkje har namn på kartet. Etter å ha fiska både her og der, og fått nokre solide kjø, slo eg meg til ro for natta.


Noko av meininga med denne overnattingsturen, utanom fisket sjølvsagt, var å teste ut ei rute frå Skjerlia, via Leknesvatna og på Høgefjellet. Fint å kombinere både fjelltrim og fiske på same turen. Eg rota meg ikkje heilt inn igjen same vegen som eg kom kvelden før, men tok meir rett opp. Det viste seg å vere fornuftig. Så den biten gjekk egentleg heilt greitt. 

Det går ei bru beståande av eit par tremaster over vestenden av elva ved det namnlause vatnet, truleg noko SFE har sett opp. Og ved å gå over her finn ein ganske greitt opp og inn. Returen til bilen i Rørvika igjen er vel ikkje så mykje å nemne.

Kjekt å vandre ute sumarnatta. Og med berre 3 timar søvn, får eg slumre litt på sofaen ei stund no. Sjekk elles video med hjort på sym. Fantastisk naturoppleving...!
  
Fra Høgefjellet 1506 & 160612
Foto Høgefjellet 15/6-16/6-12
Rørvika og Rørvikenipa i dag tidleg

Legg inn en kommentar