lørdag 5. mai 2012

Alt slags vèr...

På Moldura i dag

Eg starta lørdagen med ein tur på Moldura. Som vanleg frå nord. Og fekk på meg ei god haglebyge med det same. Den var eg no forresten godt klar over. Har bra kontroll frå stova heime kva som kjem inn frå havet. Iallefall på kort sikt. Men når vèret er så skiftande, var dette ikkje noko å bry seg med. Byga gjekk som tenkt ganske fort over. 

Frå Langedalen og oppover låg det snø. Dette ser eg no òg forresten godt frå stova heime. Det vil seie frå vindauget mot sør og ikkje vest...:-) Snøen var ein mellomting av frosen og blaut. Så sjølv om eg hadde trugane med, nytta eg dei ikkje i dag. Det var greitt å gå på berre skorna. Men eg trakka gjennom snøen no og då... 

Apropos trakke gjennom. Det gjorde eg til gangs i elva som kjem ned her. Eg stod brått i lause lufta då eg trakka gjennom ei snøbru. Eg burde jo sjølvsagt aldri gått så langt fram mot eit oppkome i bakken. Eg landa med begge føtene ned i elva og snø til like under armane. Godt det ikkje var djupare... og godt eg ikkje følgde elva og berget ned og inn under snøen...!

    Eg stod brått i lause lufta... 
Legg merke til spora etter armane!

Det tjukna alvorleg til med skodde og snødrèv ovanfor Langedalen. Stengene eg sette opp i fjor haust står heldigvis endå. For oppover mot sjølve toppen var det null sikt. Alt kvitt. Whiteout. Til og med antydning til rennefòk. Det var omlag som midtvinters. Eg måtte faktisk vente på betre sikt eit par plassar for å forsikre meg om at eg heldt stø kurs.

Noko triveleg var det sjølvsagt heller ikkje på toppen. Eg skifta nokre klesplagg og ei jakke, før eg sette peiling ned igjen akkurat same vegen som eg kom opp. Spora eg sette på veg opp var vekke på ein augneblink. 

Ved Langedalen letta eg på meg i klesvegen igjen, og sprang på direkten til fjorden.

Etter å ha ete meg eit par skiver og drukke eit krus kaffi, fann eg ut at eg hadde eit ærend i Askvoll. Då passa det godt med tights, joggesko og ei vindjakke og ein rask tur på Kultingane i same slengen. Her traff eg Ingvar S. Vi hadde oss ein prat i Askdalen. Mellom anna om fotty. Til rask sommarbruk i fjellet, og utan oppakning, har eg nytta meg mykje av Innov8 og spesielt Rocklite 312. Dei sit godt på foten, er bra vasstette og gode på alt slags underlag. Også vått. Så dei kan eg godt anbefale.  Førde Sport har desse i sortimentet sitt.

Vèret var framleis veldig skiftande. Sol til å begynne med, og snøbyger på veg ned igjen. Men då sprang eg heile vegen. Fin trimdag! 

I morgon er det konfirmasjon i Dale, så då blir det vel neppe fjelltur. Vel, eg skal aldri seie aldri. Kjem litt an på kor tid eg er heime igjen...:-)  

Fra Moldura_Kultingane 050512

Ingen kommentarer: