mandag 23. april 2012

Fort må det gå...

Linjer på nordsida av Høgefjellet. 
Gjelsvikefjellet t.h.

Eg stakk oppom Høgefjellet i Kvammen på veg heim etter jobb i dag òg. Flott temperatur, stilt, men delvis skya. 

Eg slo av ein prat med Arvid i Rørvika før eg stakk oppover. Og lenger oppe i bakkane helste eg på ei eldre dame som eg tok igjen. Ho skulle på stølen for ei overnatting.  Ho og ein hund.

Dei har på ein måte ei anna tidsrekning desse som er noko eldre enn eg. Eit rolegare liv. Slepp å tenkje så mykje på klokka. Det virkar iallefall slik. Ja, på ein måte misunner eg dei litt. Tanken om å kunne slakke av litt på tempoet i livet verkar behageleg. Ja, kanskje er det ikkje så verst å bli pensjonist? Ta dagane meir som dei kjem?

Ein kvar alder har sin sjarm heiter det visst. Og kanskje rasar vi som er yngre for fort fram for å nå over mest mogeleg på kortast mogeleg tid? Tja, ikkje veit eg. Men slik går no dagane. Krava til effektivitet blir berre større og større. Dette var noko som slo meg undervegs i dag. Sveitten sila og pusten gjekk som ein blåsebelg. I kamp med einerkavar for å komme meg rett opp brattaste bakken utan omvegar. Ja, for det spelte jo inga rolle om eg kom ein time seinare ned igjen i Rørvika enn eg gjorde. Egentleg. Men det ligg liksom i blodet at det skal gå fort. Men kanskje misser ein då nokre detaljar undervegs. Som for eksempel eit godt fotomotiv.... Vel, vel ein dag seier det no stopp uansett...

 Havblikk
heiter forresten eit stykke på LysandeStemningar i dag

Elles var turen heilt fin den. Snøen var blotna i den bratte bakken mot toppen, og eg følte eg var oppe på "no time". Blikkstilt! Sola kom delvis fram igjen òg. Trong ikkje å ta på meg ekstraklede eller skifte noko som helst, men sprang ned igjen i akkurat det same som opp. Blir ikkje så verst å ta denne turen i joggesko og shorts snart. Ja, for då går det nok endå fortare...

Fra Høgefjellet_Kvammen 230412
5 sekund i vassrett stilling...


Ingen kommentarer: