søndag 15. april 2012

Enno er det vinter - på Moldura iallefall!

På Moldura i dag tidleg

Trass i senebetennelsen i høgre armen kunne eg ikkje akkurat sitte heime i det flotte vèret denne søndagen. Så eg beit det i meg og gjekk på Moldura igjen frå Stafsnes. Verken i armen kjenner eg mindre til når adrenalinet pumpar i kroppen, men kom igjen før.. og etterpå...! Kva som er lurast å gjere må no fuglane vite. Å sitte i sofaen er knappast nokon medisin - for meg iallefall...!

Det var som sagt ein fantastisk morgon. Men bilrutene var beinfrosne. Kuldegrader var det vel ikkje her ved fjorden, for termometeret viste 1 plussgrad både på målaren heime og i bilen. Eg parkerte som vanleg utanfor kvitestripa hjå Angar Bjarne på Stafsnes. 

Dei snøfrie og stadvis våte bakkane, var til å begynne med delvis frosne. Lenger oppe endå meir. Nett som eg hadde tenkt. Fordelen med å komme seg tidleg av garde er nettopp dette. Ikkje minst når du kjem opp i snøen og skaren. Som ofte blotnar lenger ut på dagen slike fine dagar no ut på våren. Kor vidt dei gjorde det i dag er vel likevel tvilsamt. For ein skikkeleg kald nordaust vind heldt gradestokken på berre nokre få raude heile dagen.... Men i dei stille solbakkane fekk nok sola godt tak.     

Eg gjekk opp utom elva. Stien her er no meir synbar. Og merkinga til Ansgar Bjarne var veldig god å ha i den tidlege morgonsola som stod midt i mot. Ja, sjølv om sjølve landskapet vart vansklegare å sjå av desse låge solstrålane, vart merkinga lettare å sjå. Supert. For det er lett å havne ut i ulendt landskap og småskog denne vegen om ikkje du er litt obs. Av erfaring kan eg vel seie det...:-) 

Nett nedom Langedalen traff eg på første snøen og skaren. Ganske grei og hard i dei første bakkane. Men lenger oppe vart snøen "comme cie comme ca" som det heiter på fransk. Eg sakk gjennom ca 10 cm, noko som vart til minst 15 lenger oppe. Eg hadde trugane med meg, men valde likevel å gå på føtene heile vegen opp, men tok dei på ned igjen.

 Det er framleis full vinter på Moldura...

Eitt par ord om vinden. Den vart berre kaldare og sterkare oppe mot toppen. Og her oppe var det iskaldt. Eg gjekk som vanleg tunnkledd og skifta på meg ei turr trøye og nokre ekstra klede. Deretter slo eg frå meg tanken om å gå austover mot Rivedalstraktene. Då hadde eg fått nordausten rett i mot heile vegen. Eg ville heller gå nord igjen og vestover til Størdalsstauren i staden.  Eg kjende den vonde armen banke applauderande...!

Rett vest av Fanafjellet traff eg på Ansgar Bjarne. I same området vi har møtt på kvarandre av og til. Så vi hadde oss ein god prat der i bakken. Akkurat her nede tok vinden noko mindre. Ja, du verda kor flott det var. Sol frå blå himmel, kvite vidder og fjell med nysnø, og panoramautsikt til havs til øyane frå Alden og Flora-bassenget. Fantastisk! 

Eg tok av vestover etterpå. Ein liten snur bortom kanten av fjellet til Størdalen, før eg gjekk ut på Størdalsstauren.

Ein spreking,
Ansgar Bjarne på veg på Moldura i dag...

På Størdalsstauren er det veldig flott utsikt ut heile Stongfjorden. Til nord på Atløyna, Granefjellet, Høgeskolten, Raudøyna, Heggøyna og Smelværet. Til bygda på nordsida av Stongfjorden og ut til Mjåset, Underset og til Stavenesodden. I nord ligg Toreheia og Ytrevågefjellet. I nordaust ser vi mot Osland og Førdefjorden. I aust ser vi opp igjen til Moldura, og i sør Langeberga sør for Størdalen. Nedom føtene mot vest ser vi rett ned på Størdal og til Follevåg. Størdalsstauren er ikkje så veldig høg, berre 532 moh, men har flott utsikt!

Etter å ha ete meg ei appelsin med dette panoramet til utsikt, gjekk eg ned igjen den vestlege ruta til Stafsnes og bilen. Det var nok for i dag. Høgrearmen bar bod om det...


Fra Moldura_Størdalsstauren 150412_1
Sundagsmorgon heime. Klokka er 5.47.




Ingen kommentarer: