søndag 11. mars 2012

Våt søndagsmil

Eg sprang den vanlege ruta mi i dag tidleg. Våte greier. Sipande yr. Skodde heilt i fjorden. Våt asfalt og våte joggesko. Våt til skinnet av sveitte, kondens og regn... Men så gale med vind var det ikkje. For å finne noko positivt utanom sjølve mosjonen. 

Jepp, då er det berre å gjere seg klar for innrykk av slekta. Gebursdagslag for Peter som fyller 12 år i morgon 12.mars 2012. 12-12-12 - ikkje dårleg! Men heldigvis skal vi ha felles guteparti med eit par andre i samfunnshuset i Askvoll seinare...

Peter attpåklatt er 12 år 12.mars 2012

Ingen kommentarer: