lørdag 10. mars 2012

Vårkjensla i fjellet

Størdal i ettermiddag.
Størdalsstauren t.v. Moldura og Langeberga.

Eg har vore litt småforkjøla eit par dagar. Ikkje sylta, som ein seier, men likevel...  Eg heldt meg difor i ro heime i grisevèret i dag tidleg

Det var dessutan ein rimeleg hektisk dag i går med dramatikken inne på Heilevang. Eg var vel omlag siste bil som slapp gjennom før det vart stengt. Eg køyrde nemleg forbi vegvesen-bilen på Osland, og då eg kom til Førde var vegen stengd. Dei stengde vel då dei kom fram sjølve. Eg har knapt sett det fløyme så mykje vatn i vegbana som i går. Det var reine innsjøen frå Hestvika og heile vegen inn med fjorden. Ein god del stein var òg kome ned. Og raset, og dei større steinane, følgde meg nok nesten i helane etter tidsaspektet å dømme... Eg tykte i grunn det var så gale at eg sende melding til NRK S&FJ. Deretter vart eg oppringd og intervjua på direkten. Eg fekk nok rett i uttalen om at det sikkert vart fort stengt... 

Ja, det er eit slit med denne vegen i dårleg vèr. Elles går det no greitt. Men heimturen i går vart jo igjen av det langdryge slaget. Køa stod nesten til kyrkja i Dale på 17.35 avgangen. Eg kom meg over med ei ekstraferje kl 19. Det vart difor ein lang dag...

Vel, vel - det var dagen i går. I dag tok eg det som sagt med ro på føremiddagen. Fyrte i ovnen. Såg litt sport og slappa av. Men ut på ettermiddagen vart vèret så bra at eg snudde meg fort om for ein fjelltur. Eg tok opp bakkane heime. Opp Selda, og inn Yndestadhøgeheia nord for Stongfjorden, og vidare opp på Toreheia. Vinden tok godt. Ja, bølgjene gjekk faktisk kvite nede på fjorden òg. Trass i ein viss porsjon forkjøling gjekk turen opp og inn på Toreheia forbausande lett. Ja, den generelle forma kjennest god ut. 

Eg bestemte meg på toppen likegodt å gå vestover fjellet og ut på Skylefjellet òg. Trass i vinden gjekk det lett. Men heldigvis hadde eg med meg ekstra klede, for nokon temperatur var det ikkje å snakke om. Temmeleg surt i vinden, sjølv om sola stakk fram rett som det var. 

Motiv ved Mangevatna i dag

Turen ned igjen gjekk den vanlege ruta om dei fantastisk flotte Mangevatna. Dette er no ei rute i Kystarven. Artig å sjå at deler av denne la eg sjølv då her var trimpost. No er dette partiet endå godt brukt. Det var vårløysing i osen i austenden, meir og meir sol og klukkande elvar overalt. Aldeles nydeleg. Eitt av dei flottaste områda i kommunen. 

Så bar det ned til Rinda og unnabakkane heim. Super vårtur. Heldig med nokre timar bra vèr òg - til ei forandring...

Fra Toreheia_Skylefjellet 100312_1

Utsikt nordover på Skylefjellet i ettermiddag.
Svanøy t.h.

Ingen kommentarer: