lørdag 17. mars 2012

Nydelege Skålefjellet

Flott på Skålefjellet i dag

Eg vart reint inspirert av turtipset i Firda i dag...;-) Så eg tok like godt utfordringa og gjekk på Skålefjellet. Og det var som om han fader sjølv hadde lese avisa òg, for jammen varta han ikkje opp med nokre soltimar på føremiddagen. Akkurat nok for min del til denne turen. 

Eg traff Arild i Gjerda då eg skulle opp. Vi slo av ein liten prat. Eg kom då på at eg jammen skulle dedikere ein videosnutt frå toppen til han. Som ei takk for fleire års godt arbeid for Stongfjorden på Origo, og anna. 

Eg gjekk så opp Gjerdedalen. Det var ganske vått i marka. Røter og fjorårslauv gjorde det ganske glatte. Noko eg fekk merke ned igjen, då eg igjen hamna på ræv. Men eg gjekk faktisk nesten heilt opp til Alteret før det låg snø. Eg vurderte deretter å gå opp med første elva, men den bratte bakken opp, og hamrane ovanfor, var såpass fylte med hard skare at eg valde og halde fram til ovanfor andre elva. Deretter opp skaret og austover her i staden. (Som turtipset i avisa.) Likevel tok eg på meg trugane, og gjorde meg nytte av jerna under for å kome meg litt raskare oppover. 

Det vart fantastisk flott frå Skålefjellsvatnet og opp på toppen. Svarthamrane låg bada i sol. Moldura dukka opp drivande kvit med sol og nokre flyktige skoddeflak. Mjåset, og Stavenesodden skein i glitrande vårlys. Havet og Stongfjorden knall blått. Her oppe låg dei sørvestvende hellingane bada i reine påskesola med hard, glinsande nysnø. Kjempeflott lys og nesten ikkje eit vindpust i lufta. Og like fint var det på toppen. Rett nok kom og forsvann sola litt, men kaldt var det slett ikkje. Jøss, dette gjorde godt. Rein luksus. Pur glede over å vere i stand til å få oppleve og sanse slike flotte synsinntrykk....

Eg kunne godt tenkt meg å gått over Nipane ned igjen til Osland. Men diverre var Peter sjuk heime med halsbetennelse, og sidan Olaug ville på Ytrevågefjellet i lag med nokre andre jenter, tok eg same vegen ned igjen.

Det gjekk heilt greitt ned igjen, sjølv om eg son sagt hamna bakpå eit par gonger. For andre som har tenkt seg opp i snøen, så er denne relativt hard frå 5-600 moh. Blir det i tillegg fint og kaldt om nettene framover, er broddar greitt å ha med i sekken. 

Kjempetur...! 

Fra Skålefjellet 170312_1

Ingen kommentarer: