søndag 25. mars 2012

Herlige Moldura

I slukta mellom dei to toppane på Moldura er det utsikt til Askrova og Stavenesodden

Eg såg at vèrmeldingane var gode når dei lei på dag i dag. Så eg tok livet med ro, og støvsuga like godt bilen, og vaska den innvendig og utvendig. Sleipt vegsalt låg rundt dører og skjermar. Fysj for ei vare. Og vanskeleg å få vekk. Men no skin bilen i skyblue. Fargevalet var ikkje heilt tilfeldig...:-)

Meldingane stemde heilt dei. Skodda i fjellet letta, og lysta på å komme seg opp igjen i høgda og få brynt seg litt stakk i sinnet. Eg lèt difor middag vere middag. Tok meg ei skive med brunost, pakka litt i minste sekken og drog avgarde frå Stafsnes med Moldura som mål. Igjen. Etter gamalt. 

Og du verda for ein flott tur det vart. Blikkstille og solsteik i bakkane. Spesielt oppe på fjellet. Snøen var blòtna opp akkurat såpass at han var perfekt å gå på. Der det låg snø då. For jammen var det forsvunne mykje sidan eg sist var oppe. Ganske så fort kunne eg gå i berre ei trøye og utan noko på hovudet. Ja, i dei vindstille og snøfylte partia var det utrulig varmt. Sveitten sila med sola midt i mot. Fantastisk. 

Eg nådde opp som ingen ting. I eitt renn. Tok meg ein tur bort på den vestlege varden og knipsa litt bilder, før eg småsprang heile vegen ned igjen. Skikkeleg kjekt. Ja, eg hadde nesten gløymt kor artig det er å springe ned igjen frå Moldura. For medan eg gjekk opp utom elva, sprang eg den inste vegen ned igjen. Den er lett og god å springe. 

Men så, så var det middag...:-)

Fra Moldura 250312

Ingen kommentarer: