torsdag 1. mars 2012

Dragens år

Det er vel gjerne ikkje alle som er klar over at det er Dragens År i år. Det starta 23.januar. Eg  har alltid likt dragar. Dragen symboliserer rettferd og styrke, optimisme og suksess. På bare kvinneryggar er dragar ofte eggande.. Iallefall på meg. Dei verkeleg eldsprutande kan likevel vere skumle. Dei har ofte ein "alt eller ingenting" oppførsel. Her kan det vere klokast å halde litt avstand. Ja, kanskje ikkje terge dei opp for mykje. Eg kjenner typen etter å ha opparbeidd ei viss livserfaring i møte både med tenner, klør og eld...

Eg skreiv like godt nokre ord om dragen på LysandeStemningar ! Her er desse med eit passande bilde:


Det buldrar og sydar frå dragen sitt land
Eg søkjer så varleg eg kan hennar hand
Men villskapen lyser frå augene svarte
eg tenkjer på enker som et av dei sarte

Frå djupet av gapet det glødar frå dragen
Eg leppene kysser og klør ho på magen
Men danse på line i magiske stròk
kan age ein vesal frå spaning til ròk

På landet det andre ligg dagane klåre
Dei minner om barndom og gladlynte tåre
Eg fredsamt kan henda skal dra dit i dag
der kicket eg får er av soleglad slag

Attrå av rusen på liner så strame
kan aldri få dragane retteleg tame
Eg tenkjer på dragen kvar bidige kveld
som pustar og sprutar den evige eld

Ein av mine musikk-favorittar er Stephan Malkmus. Mitt pendlarliv inneheld gode stunder ilag med han. Han har si tolking av dragen. Legg den like godt ut her den òg. God fornøyelse og ha ein fin dag...;-) 






Ingen kommentarer: