søndag 18. mars 2012

Det fossar om baugen og hei kor det går...

Neset og Skålefjellet i kveld

Det vart eit utrulig skiftande vèr i dag. Og i staden for joggetur, sprang eg på Høgeheia på Stavenesodden då det såg bra ut igjen. Diverre fekk eg på meg den nordabyga på toppen med tjukt snødrèv og kuling. Noko fint foto av ettermiddagssola og havet vart det difor ikkje. Det var i grunnen berre greitt å komme seg der i frå. Sjølvsagt klårna det opp igjen då eg nådde ned igjen til bilen, men eg fann ut det var for gale å springe opp igjen ein gong til...:-)

Fra Høgeheia 180312

2 kommentarer:

Anita sa...

Fleire flotte bilder inne på her som vanleg! (i fleire innlegg)
Må bare sei eg synast "tittelbilde" på toppen her var råstilig!!!! :)
Ha ein fin dag!

Unknown sa...

Takk Anita! Kjekt med tilbakemelding... Men eg må innrømme at brillene er kjøpte på Førde Sport...:-))