søndag 19. februar 2012

Solnedgang i Stongfjorden

 Solnedgang på Yndestad i kveld

Fastelavnssøndag var endå ikkje slutt. I ein praktfull kveldshimmel sprang eg til Vågane og heim igjen. Ca ei mil. Og slik såg det ut når eg sprang ned igjen frå Demma til fjorden og Yndestad.

Det er fantastisk flott å sjå kor det lysnar og sola stig på himmelen. Den er no komen nord om Atløy før ho går ned. Det vårast. Iallefall ser vi teikna her hjå oss.

2 kommentarer:

Marianns papirgleder sa...

Nydelig bilete som vanleg, misunner deg utsikta til sola som går ned i havet og alle dei flotte motiva og fargane du fangar der :)

Unknown sa...

Så hyggelig med ein slik positiv kommentar på bloggen min Mariann. Det set eg veldig pris på.

Ja vi er heldig som har fjorden og havet så nær. Eg har alltid sagt at eg ikkje kunne bu nokon plass utan å sjå sjøen. Det er noko med lyset som gir meg gode vibrasjonar. Så sjølv om eg jobbar i Førde, og i si tid budde der i 5 år, er eg veldig glad for å kome ut igjen til kysten om ettermiddagane. Spesielt no når det lysnar såpass og sola går ned rett vest for Stongfjorden er det praktfullt. Og kanskje er det på denne tid av året vi treng slike gode kjensler aller mest...;-)