lørdag 4. februar 2012

Kald svie i kjakane...

Kalde vindar på Røyrbotnholten i dag.
Dalsfjorden, Rivedal, Tysse og Leitet t.h.

Eg fann ut eg ville prøve noko nytt i dag. Så eg gjekk frå Oslandsbotnen til Botnastølen og vidare opp i Svelia og klatra opp nordsida av Røyrbotnholten i Rivedal. 

Eg følgde eit revespor opp Brekka då det låg 10-15 cm med nysnø oppover til Botnastølsvatnet. Eg fann det ikkje bryet verdt å ta på trugane her nede sjølv om det fleire plassar var ganske isete inn under snøen. Ved turbinopninga på toppen var vegen som vanleg vegen blåst fri for snø. Her tek austavinden ganske heftig. Så òg i dag. Eg måtte difor fram med balaclava for å verne ansiktet. 

Frå Botnastølen og opp det nordvest-vende skaret til Svelia måtte trugane fram.. Her låg snøen i tjukke lag. Til knærne fleire plassar. Spesielt nede i botnen på flata. Lenger oppe var det mindre snø, men meir is under.

Ruta frå Botnastølen til Svelivatnet, eigne spor
(bilde etter returen)

Fonna som ligg i slukta på toppen er alltid litt tricky å kome seg opp og over. Men det gjekk ganske greitt på høgre sida, sjølv om det var knallhard skare over kanten.

Svelivatnet var ca halvveges nedtappa. 5-6 meter kan eg tenke meg. Isflaka som stod på høgkant ved stranda var tjukke. Sidan eg heller ikkje høyrde duren frå nedtapping no, tok eg sjansen på å gå sørover vatnet. Slike regulerte vatn skal ein sjølvsagt vere særs forsiktig med å gå på.Tjukna kan variere mykje etter straumane frå tapping. Vatnet såg likevel ikkje ut til å ha vore tappa på ei stund...
Forholda på oppstigninga frå sørsida av vatnet var slik at eg ikkje tok sjansen på å gå opp utan stegjern. Eit 15 cm lag med nysnø låg opp igjen på nesten reine isen. Så bratt som det er her eignar ikkje trugar seg heller. Så eg tok difor å skifta ut desse med stegjerna, og sette dei att her ved iskanten. Deretter kom eg meg ganske greitt opp bratta. Men nesten oppe mot toppen hadde vinden lagt igjen eit solid lag med snø som rakk meg over knærne. Dette partiet var tungt å komme seg opp. 

Her på nordvestsida av Røyrbotnholten tok vinden skikkeleg tak igjen frå søraust. Og eg tvilar faktisk på om eg hadde kome meg vidare opp hvis ikkje det var for stegjerna. Det var nemleg veldig isete,  knallhard skare og avblese her i frå og inn på toppen. 

På toppen tok vinden såpass hardt at eg valde berre å skifte hovudplagga og ikkje kleda på overkroppen. Ny balaclava, ei vindtett Outdoor Research-hue og Rab-hua ut igjen på. Likevel var hetta på jakka god å dra over heile stasen til slutt. 

Eg gjekk så ned igjen same vegen som eg kom opp. Tilbake til trugar der desse stod att ved vatnet. Dei tok eg av meg igjen ved Botnastølsvatnet. Så gjekk vegen ned igjen Brekka, der eg låg langflat på rompa på isen. Litt blåmerke må ein rekne med...:-)

P.S. Snø, gråvèr, flatt lys og blindeføre gjev ikkje akkurat gode bilder. Men, men vi får ta det som det er... Nokre bilder blir for grå, andre for blå, men snø er og skal vere kvit... Men så skal han ikkje vere for kvit... Er ikkje enkelt her i verden...;-)


Fra Røyrbotnholten 040212_1

Ingen kommentarer: