onsdag 22. februar 2012

Jogg mot vår

Eg er litt biten av jogging for tida. Før har eg tykt det var noko herk. Men etterkvart som det har gått lettare og lettare opp bakkane frå fjorden til Osland, har lysta auka. Det er god trening i å springe. Spesielt oppover. Fin tur igjen i går kveld.

Samtidig er det så mykje lettare å kle seg for ein vårtur ved fjorden, enn å pakke sekken for vinteren i fjellet. Og ikkje minst tek det mindre tid. No spring eg berre i ei joggebukse og ei ulltrøye med ei tynn vindjakke ut igjen på. Snautt og greitt. Ei mil på ein god time. Ja, eg skal min santen kjøpe meg eit par nye Mizuno Wave Rider sko når dei får inn årets modell på Førde Sport i begynnelsen av mars. Dei gamle er snart utslitne...:-) Jogginga og blodgjevinga har gjort at eg no føler meg lettare og i betre fysisk form enn på lenge.

Men ikkje misforstå. Eg har ikkje tenkt å legge fjellivet på hylla. Trengde berre ei forandring i kosten eit bèl. Ja, så har ikkje akkurat vèret i det siste bydd inn til festdagar i fjellet heller. Men eg er klar til flotte dagar og fleire fjell og ruter. Eitrenipa er ein av mine favorittar. Den står høgt på ynskjelista mi.Turen opp nordsida, og over nordre og søndre Kringla og ned igjen i Fossedalen, er nydeleg... For ikkje å nemne etc etc..;-)  

Eitrenipa.
Ruta frå nordsida er skåra opp t.v. som vi skimtar.
Den ender som vi ser  midt i fjellet og går vidare rett opp.
Legg elles merke til dei fantastiske forkastningane nede i bildet.

Ingen kommentarer: