lørdag 14. januar 2012

Isete på Moldura

 Det har blese godt på Moldura i det siste.
Det ligg no mykje skare og is både på toppen og i bakkane på nordsida.

Eg gjekk meg ein tur på Moldura igjen i føremiddag. Vèret var bra. Overskya. Og fjorden låg til ein forandring blikk stille. 

Vel hundre meter oppe i bakkane låg snøen. Først våt. Sidan tørrare. Skaren som hadde lagt seg heldt ikkje her nede, så eg trakka bra gjennom opp det vanlege stykket til Langedalen. Temmeleg tungt og sveitt. Eg måtte puste på eit par gonger i brattaste bakkane mot toppen. 

På veg opp på kanten av dalen traff eg på første isen. Han var knallande hard. Og midt i bakken måtte eg berre dra ut til sides og finne nokre avblesne rabbar for å komme opp. Ikkje heilt risikofritt. Lett å sigle under slike forhold. Og ikkje godt å seie kvar ein lander eller treff på undervegs. Akkurat ned her var det likevel ganske greitt i så måte. Eg hadde ikkje med meg broddane. Men vidare oppover kom trugane vèl med. Dei har gode jarn under, og eg sat på som smurt opp dei harde og isete bakkane mot toppen. Når det er skare og is som i dag er det i grunn verre ned enn opp, så det er absolutt ein fordel med jarn eller broddar. 

Eg fekk testa ut det nye kameraet mitt i dag. Eg er litt usikker på kva innstillingar eg hadde på det gamle, så eg får prøve meg litt fram. Noko fotolys var det ikkje i dag. Får håpe på betre tider soleis. Eg tok òg opp ein snutt for å teste denne. Dette legg eg ikkje altfor mykje i. Det er no berre for å få noko levande ut av forholda. 

Som forrige søndag traff eg på Ansgar Bjarne. Nesten på same plassen må vite. Artig. Vi slo av ein god prat om stien eg bomma på sist. Det viste seg at eg hadde gått altfor langt ut. I dag var det mykje betre sporsnø her nede, så denne gongen gjekk det heilt greitt å følgje spora hans. Denne ruta opp virkar kortare enn den vanlege eg har følgt. Rett nok litt brattare og meir på. Men det er berre flott. Eg satsar på å finne opp her neste gong. Ansgar Bjarne har merka med band og måling, så dette trur eg skal gå greitt. Då har ein to gode ruter opp frå Stongfjorden første stykket. Dei møtest oppe i enden på Langedalen. 

Ansgar Bjarne har gjort ein flott jobb med å merke
to ruter frå Stafsnes mot Moldura

Då eg så kom heim igjen var Peter på Grimelia og Olaug gått på fjellet i Askvoll med Anne S. Eg lurte på om eg skulle ta Ytrevågefjellet i same snuren. Men bestemte meg for å spare på krutet til i morgon... Og ja, sjå på bilda...:-)

Foto mot Skålefjellet før eg gjekk i dag...
Huset til Ansgar Bjarne lyser nede i høgre hjørnet
(eg skal ikkje nemne kraftlinja...)

Ingen kommentarer: