søndag 29. januar 2012

Ein rundtur

Foto frå Størdalsstauren i dag

Eg tok like godt og gjekk opp igjen på Moldura i dag òg. Det gjekk reint radig oppover. Spora frå i går var jo greie å gå i. I tillegg brukte eg berre broddar under skorna. Går litt kjappare då enn med trugar. 

Første solstrålane for dagen fekk eg akkurat då eg runda opp på toppen. Herleg kjensle. Her på nordsida av fjellet er det ikkje sol endå. (Men kjekt å ha fått ho heime igjen iallefall. Sola er vekke 6 veker heime, men ganske mykje lenger inne i Stongfjorden og på nordsida av fjorden). 

Etter å ha vore på toppen tok eg turen ned under fjellet og kryssa øvste delen av Fagredalen og gjekk bort på Fanafjellet. Eg ville sjå korleis det bratte henget var her på nordsida. Vel, det gjekk å kome seg over med broddar. Utan noko under skorna hadde eg ikkje gått over. Det var skavlete, og delvis hard skare eit par plassar. Det hallar sikkert 60 grader akkurat her. Men frå Fanafjellet bestemte eg meg for ikkje å gå vidare innover. Det var såpass isete, og med den kjennskap eg har til terrenget vidare innover, gav eg meg på den delen. I staden tok eg vestover igjen med Størdalsstauren som mål. 

Frå høgdedraget litt lenger vest såg eg ein person kome oppover den vanlege ruta. Det måtte vere Ansgar Bjarne, så eg hoia på han. Eg såg han høyrde meg, så då sette eg meg på rompa ned bakkane her det var litt fòksnø, og luffa han i møte. Vi slo av ein god prat.


Ansgar Bjarne med Moldura bak.
(Toppen av fjellet ligg litt lenger bak og sør om midten i bildet)

Eg småluffa deretter vestover toppartiet på nordsida av Størdalen. Her ute var toppane avblesne med fjorårsgraset stikkande opp av snøen. Sola skapte gyldne fargar av dette. Fjorden, havet og himmelen var knallblå. Ikkje bles det så hakkande gale heller. Så eg la meg godt til rette i det vindtørka graset der ute på tuppen av fjellet, og åt eit par skiver eg hadde smurt meg. Fantastisk flott. Årets første brødskiver i det fri. Med panoramautsikt til havet, Alden, Heggøyna og alle øyane ved Florøkanten. Men sjølve sentrum av Stongfjorden låg i skugge og såg iskald ut. Ja, ja, slik er det no ein gong på denne tid. Men dessto herligare er det då å sitte i sola på toppen av fjellet å sjå ned på alt det andre... 

Returen til skuggelandet gjekk først inn igjen i den andre merka ruta og deretter til fjorden. Den var lett å finne i dag ved å følgje spora til Ansgar Bjarne. Eg har fri nokre dagar i slutten av denne veka. Truleg blir det ein tur opp igjen denne vegen då. Ein flott søndagstur var iallefall til endes... No måtte eg sjå til og få vegsaltet av bilen. Den såg ut til å vere lagt i lake...

Fra Moldura_Fanafjellet_Størdalsstauren 290112

2 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

Flott bilde fra Størdalsstauren - fin runde detta!

Unknown sa...

Takk Lene, Kjekt du framleis er innom bloggen. Ja, det var flott i går. Spesielt på Størdalsstauren i vindtørka gras.. Eg var tenkt vidare innover frå Fanafjellet, men vinden og det isete terrenget gjorde at eg ombestemte meg. Lurte på å gå inn på Røyrbotnholten der det ligg ein ny post, men nedstigninga frå Smørskornova kan vere litt tricky når det er så isete som no.