lørdag 3. desember 2011

Tøft på Moldura

Moldura i dag tidleg

Eg hadde meg ein tøff tur på Moldura i føremiddag. Det visste eg sjølvsagt på førehand med dei meldingane som var. 

Til å begynne med var det berre vått og atter vått. Elvar og vatn, myrete og sølete. Slike forhold er sjølvsagt tungt når du går oppover. Men det tok ikkje så veldig mange høgdemeterane før dette gjekk over i slaps. Myr, som ikkje er frosa, og slaps er i grunn, ja, noko godt skit. Vanskeleg å sjå underlaget når det er kvitt opp på. Så eg steig gjennom gjørme og søle stadig vekk. Endå litt lenger oppe var det mange plassar fòke til med snø i søkka. Her måtte eg ned på fire eit par gonger for å kome meg vidare oppover. Å krype opp bakkane i snø krev sin mann. Slik var det stort sett opp til der landskapet går over i meir stein og berg. Vinden hadde her polert ytene, snøen var blåst vekk, og att på berga låg det is.... 
 
 I lè på nordsida tok eg fram fotoapparatet...

Vinden og rennefòket piska kroppen som nåler. Mòtavind. Rett frå sør og midt i fleisen. Gòvet stod rundt øyrene. Sikta minimal. Og eg måtte ned på fire i eit par av dei verste kasta. Steik, adrenalinet pumpa i kroppen. Men med briller på, og den nye Rab-jakka utanpå ei Devold-ulltrøye, kara eg meg til topps og i lè av varden. Fytti rakkaren, det hadde vore ein stri tørn opp.

Eg knipsa så eit par bilder. Tok meg ikkje tida til å byte den våte ulltrøya, og hoppa ut i det igjen med peiling rett nord og fjorden igjen. 
 
Sjølvsagt vart det mykje betre hin vegen. Spora viste att rett som det var. Med snødrèvet og vinden rett i ryggen småsprang eg så godt det lèt seg gjere. Lenger nede på nordsida vart det egentleg såpass greitt at eg knipsa nokre bilder. Og då eg nådde ned igjen på Stafsnes var det heilt greitt vèr. Nesten ikkje vind og opplett. Skulle nesten ikkje tru eg var i same landet lenger, så stor forskjell var det... Ja, ja eg var iallefall nøgd for dagen...!
 

Ingen kommentarer: