tirsdag 6. desember 2011

Praktfullt måneskin






Eg gjekk ei praktfull tur på Ytrevågefjellet i kveld. I nydeleg måneskin og til dels djup, tørr nysnø. Tungt, javel, men kva gjer vel det under slike forhold. Glitrande, funklande snøkrystallar festa seg på netthinna i lyset frå månen og hovudlykta. Fantastisk. Ja, eg gløymde nesten slitet med å komme meg opp bakkane i halvmeteren med snø enkelte plassar. Men heldigvis var ranen som går opp  det brattaste partiet på nordsida tildels avblesen. Det gjorde det tyngste partiet litt lettare. 

På toppen var det nesten vindstille. Månelyst med flott utsikt bort til Florø. Eg tok nokre bilder med eit halvt minutt lukketid, før sveitten vart iskald på kroppen. Då var det berre å peise ned igjen i laussnøen, dels siglande på rumpa med snøen sprutande rundt øyra. Lått som frå ein unge. Før eg sprang vidare og brått låg langflat i turrsnøen.... Herlig snøengel-dukk.... Ja, det er i grunn kjekt med snø - iallefall oppe i fjellet....!  

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Utrolig flotte bilder, Gustav! :) De får nesten et eventyrlig preg over seg. Nydelig stemning.

Hvor høyt oppe er det der? Så ut til å være bra med snø ja. Du er jammen sprek! :)'

Unknown sa...

Takk Eli Kristin. Du er no kjekk med meg;-)

Ytrevågefjellet er 667 moh. Ikkje så langt opp der... Men sjølvsagt krevst det litt å kome seg opp no når snøen ligg djup. Iallefall når du sjølv må trakke spor...:-) Som vanleg ligg det mest snø lengst nede fordi vinden bles av toppane og andre utsette parti. Herlig å komme seg ut på denne tid òg, for egentleg er det no i mørketida kroppen treng mosjon og friskluft mest! Det er veldig viktig å ikkje legge seg bakpå på denne tid...:-)Stå på sjølv!