lørdag 12. november 2011

Reine lukka

Ein flott morgon i Løvika i dag 

Meterologane melde om nok ein flott lørdag. Eg valde difor å gå på Blegja i dag sidan den varme hausten har gjort fjellet snøfritt. Eg var på plass i Rørvika i grålysninga, rett etter halv åtte. Tidleg ja. Og endå ikkje heilt lyst. Men eg hadde lyst på eit nytt bilda av austahimmelen i Løvika. Det var dessutan meldt tilskyande vèr ut på dagen. 

I Rørvika var det frost på bakken. Men det virka nesten som om lufta var varmare i midtpartiet oppover. Her var det heller ikkje frost. 

Eg hadde som vanleg kledd meg minimalt. Ei tynn ulltrøye og ei lett vindtett jakke var nok heilt til topps. I den farten eg brukar. Men i trekken lenger oppe måtte hovudet tildekkast. Det er topplòket som er beste ventilatoren. 

Ein praktfull, stor måne spegla inn frå himmelen vest i havet. Himmelen vart både blå og rosa. Samtidig vart austahimmelen stadig mer opplyst. Frå oransje og lilla til lys-gult. Det var heilt stilt. Ikkje ein lyd. Berre mine eigne taktfaste andedrag. Som frå ei klokke. Årvaken. 

Det gjekk radig og effektivt oppover. Eit passeleg og godt tempo. Og urane var akkurat som eg hadde tenkt meg i går kveld. Så tørre som sandpapir. Eg sat på som ein klegg. Ikkje eit glipptak eingong. Den tørre lufta og fjelltrekken hadde tørka ut væta. Rett nok var det ein og annan isflekk, der ei sitle ikkje var tørka inn, men det var ingenting å snakke om. Perfekt! 

Eg følte eg stod på toppen på 1-2-3. Kvarteret etter 09. Mange var vel ikkje stått opp ein gong. Det var framleis ein tidleg laurdagsmorgon. Akkurat som eg likar det! 

Utsikt mot Dale og Dalsfjorden frå Blegja i dag
Legg merke til "røyken" som kjem frå fjella ved Lihesten...

Trekken på toppen var ikkje heilt utan kvasse kantar... Men eg hadde utstyrt meg bra for akkurat det. Eg skifta difor ut kleda på overkroppen med ei dobbel Brynje-trøye og dunjakke. Nye hanskar og vindtett hue. Så var det tid for nokre bilde-shots og sjå på omgjevnadane. 

Her låg berre nokre få tynne snøfonner som var knallande harde. Ja, nesten rein is. Hadde vore mindre moro om akkurat det var forholda opp over siste kanten..... Førdefjorden låg kald i skuggeland innover. Elles var det kome inn noko dis heilt ytterst i havkanten. Månen forsvann i dette dislaget. Det var nok skyer på veg inn ja... 

Men eg hadde meir på programmet denne dagen. Og nedom Nipevatnet igjen tok eg over elva og klatra ned hamrane og ranane mot Tobbedalsvatnet. Gjekk over elva som renn ned i mot Nipebua. Og heldt fram opp over sørsida av Kringlefjellet.  Ein rein nytelse å få igjen sola her etter å ha klatra i skuggelandet ei god stund. 

Ved kanten av Kringlefjellet er det fantastisk utsikt til Bjørnastigvatnet og Leknesvatna. Eitrenipa ragar i sørvest. I synsranda Skålefjellet, Kvamsnipa og Middagsnipa. Botnafjellet og Høgefjellet i nordvest. Det var sistnemnde som var det andre målet for dagen. På fjelltrimprogrammet for 2012 det òg. (Blegja er alltid med....) 

 Eitrenipa og Leknesvatna frå sørsida av Kringlefjellet

På Botnafjellet fekk eg igjen utsikta mot Førdefjorden. Den låg blikkstill der nede. Vevring og bygdelaga på nordsida låg bada i november-sol. Stølane ovanfor Rørvika kom til syne. Og passerte så øvre kanten på Bjørnastigen som går ned igjen på nordsida av fjellpartiet her. Etter kva eg veit er det einaste plassen ned igjen på dette partiet. Her er laga til nokre stålstrenger til å halde seg i, då det er ei relativt bratt skår ned som kan vere glatt.  Men først måtte eg ut på Høgefjellet. 

Det gjekk heilt greitt. Bra sti opp og utover. Litt kuppert. Det er ikkje varda her, men vegen seier no i grunn seg sjølv. Verre kan det alltid vere i skodde, så det spørst om det ikkje bør vardast litt ved høve. Det er nemleg bratt utfor mange plassar på nordsida. 

På toppen tok eg meg to skiver og noko saft. No gjekk det faktisk skoddedottar over toppen på Blegja. Stadig meir skyer seig inn heilt ytterst i synsranda ute i havet. Høgefjellet har perfekt utsikt til Gjelsvikefjellet, Gjelsvikestølane og Eitrenipa. Og ikkje minst til nordsida av fjorden. 

Eg sat likevel ikkje så lenge på toppen. Men tok innatt same vegen til Bjørnastigen, og gjekk ned til Ålastølen og Åsastølen. Deretter greitt ned igjen i Rørvika. 

Kjempetur igjen. Fantastisk å komme opp på Blegja midt i november. Til og med utan snø. Vi må berre takke vèrgudane som gav oss arbeidsfolk ein så flott laurdag! 
  
Fra Blegja_Høgefjellet 121111


Ingen kommentarer: