søndag 6. november 2011

Novemberdag for minneboka

Novembermorgon ved Svelivatnet

Det var fornuftig å sjekke vèrvarselet på nettet i dag tidleg. Det regna nemleg då eg stakk nasa ut om døra på morgonen. Eg utsette difor turen to timar. Noko som viste seg å vere heilt rett. For litt seinare glitra til og med sola på fjelltoppane. Radarvarsel og timevarsel for vèret er eit effektiv hjelpemiddel når du planlegg tur. Å gå i fjellet i øs pøs er greitt nok det, men ofte kan det vere lurt å vente litt...! 

Eg køyrde til Oslandsbotnen og gjekk opp til Botnastølsvatnet. Så opp skaret til Svelivatnet. Her tok eg austsida av vatnet. Nokon spesiell god sti er det ikkje på denne sida av vatnet. Eg hamna difor på hovudet ned i nokre våte einerkavar som rakk meg til under armane. I lufta på fallet var eg litt usikker på landinga.... 

Det gjekk litt betre frå ca halve vatnet og vidare inn i enden. Her er det greitt å vite kvar ein skal ta opp. Både hamrar og våte sva er ikkje heilt ufarlege. Det er dessutan berre opp venstre sida av elva det går an å komme seg opp på Røyrbotnholten her frå nordaustsida.

Når Svelivatnet er nedtappa går det dessutan an å gå på Røyrbotnholten ved å gå vestsida av vatnet og inn i sørvest-enden, og over elva frå Langevatnet (sjå bilde under). Her kan du ta opp ei skår i hamrane. Men denne kjem du ikkje til når vatnet er meir enn omlag halvfullt...

Utsikt til Svedalen.
I bakgrunnen ligg Svarthamrane, Skålefjellet og Nipane. Elva frå Langevatnet t.v.

På toppen av elva, rett vest om Vardenova, ligg Nyksvatnet. Eit halvstort, rundt vatn. Her heldt eg nordsida bort under Røyrbotnholten. Det går nokre skårar opp til toppen frå nordaust sida her der det er mogeleg å komme seg opp. Eg brukte denne ruta ein del for 7 år sidan då toppen var på programmet sist.

No låg det ein heil del skodde på sørsida mot Rivedal i dag, men nord- og austover var det flott utsikt. Nydeleg ned igjen til Svelivatna. Ein ser dessutan såvidt bort i Flokeneset og ein bit av Førdefjorden.

Turen bar så vidare vestover. Her kjem ein inn på den DNT merka ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Opp nordaustsida av Smørskornova og nord om Langevatnet. Det var spegelblankt på vatnet. Sola gylte landskapen i puraste gullfargar. Ikkje ein einaste lyd og ikkje eit einaste menneske. Ved breidda av Langevatnet vart eg ståande å sjå så lenge at eg vart i stuss om kva som var opp og ned her i verda... Heilt magisk!

Eg kan ikkje hugse at eg har gått her opp i november på denne måten før. Sol, god temperatur og heilt blikkstilt. Nærast ein dag for historiebøkene. Faktum er at eg gjekk kun i ei Devold-trøye i heile dag. Utan å ha på meg noko anna på overkroppen. Og på hovudet hadde eg ingenting! I fleire timar... Ja, det var nesten uverkeleg. 

Langevatnet og Hekkelfjellet i Holmedal i dag

Langevatnet i motlys

Eg passerte så Siklabergvatnet. Her gjekk det faktisk ikkje an å gå over vadet på grunn av den høge vasstanden, så eg måtte gå rundt på sørsida. Det er no ikkje lange biten. Men det er sjeldan at vatnet står så høgt som i dag. Det same kan eg seie om Svelivatnet og Botnastølsvatnet. Dei er regulerte, men var likevel smekk fulle. Så mykje flottare slik enn når dei er nedtappa! Klare for vinteren. Vinteren som vi ikkje ser snurten til endå iallefall.... 

DNT-løypa til Stongfjorden held fram ned Mannskaret. Eg gjekk ut av denne på toppen her. Eg hadde Moldura som mål, og gjekk vidare vestover og opp på Fanafjellet. Så ned i øverste delen av Fagredalen. Her traff eg Kjerstin H.  Vi slo av ein liten prat i lag. 

Vèret var framleis flott, men det låg noko meir skoddeflak her oppe på toppen av Moldura. Sørover til Holmedal og Dalsfjorden likeeins. Eg gjekk fram på kanten på sørsida for å ta eit par bilder.

 Holmedal og Straumsnes frå Moldura i dag

På toppen bestemte eg meg for å ta med meg andre omgang av cupfinalen. Det passa seg slik. Måla mine var nådde. No var det andre mål som galdt. Så då sprang eg like godt gjennom myrane og bakkane ned igjen til Stafsnes og fjorden. Ei frisk avslutning på turen med andre ord. Olaug henta meg gentleman-aktig her. 

For ein fantastisk dag i fjellet. Den går rett inn i minneboka... 

Ingen kommentarer: