torsdag 24. november 2011

Kvar er Kong Vinter...

Stongfjorden og Florø frå Svarthamrane 23/11-10...

Det vart nærast ei trimfri veke denne veka. Elendig vèr, pendling, jobb og familie er ikkje alltid like lett å kombinere med eit aktivt fjelliv. Iallefall når det nesten er mørkt heile døgnet...

Når eg ser tilbake på bilda frå i fjor på denne tid, er det ikkje fritt for at eg lengtar etter fine og kalde dagar og kveldar (som vist ovanfor)... Men no er det ein gong slik her i livet at det er enkelte ting ein ikkje kan gjere noko med. Mellom anna vèret. Så då får eg berre ha litt tòl med det... Fjella ligg no der! Litt styrketrening skadar heller ikkje....:-)

Fleire bilder 23/11-10


2 kommentarer:

Jill Kristin Ø.Remme sa...

Nydelig vinterbilde:)))

Unknown sa...

Takk Jill. Bildet er teke i fullmåne. Det viser Florø og Stongfjorden der eg bur. Eg går ein del med hovudlykt i den mørke årstida...:-)