søndag 30. oktober 2011

Skoddevind og regn... igjen...!

 Deler av midtpartiet på ruta til Moldura frå Stafsnes. 
 Stien kjem opp over kanten t.v.
Yndestad (heim) i bakgrunnen.
Foto 25/9-10.

Steik - det var tøffe forhold på Moldura i dag. Tjukk skodde minst halve vegen, piskande regn og kuling frå sør midt i fleisen .... (Eg må ærleg innrømme at sofaen hadde vore meir behageleg. Nokre særlege utfordringar har eg likevel aldri funne der). Men opp skulle eg, sjølv om eg nesten ikkje såg handa føre meg enkelte gonger. Stengene som eg har sett opp var jammen gode å ha.... Men minst like gode var vardane Ansgar Bjarne har sett opp. Steinane som er brukte, og storleiken på dei, er såpass store at dei skin gjennom skodda. Spesielt siktvardane (dei du får mot himmelsjå). I dag hadde eg ikkje funne til topps og ned igjen utan vardane og stengene. Det er eg sikker på.

Eg kledde meg om bak varden på toppen. I tillegg fekk eg vinden og regnet i ryggen ned igjen. Det vart difor noko meir behageleg sjølv om det var grautande tjukt, og eg måtte stoppe opp eit par gonger for å halde retningen. Eg fekk såleis fiksa nokre refleksband på nokre greiner lenger nede på Stongfjord-sida. No skal det vere klart for rangling i mørket òg. Kan bli interessant nok det. Det blir iallefall ei aldri så lita utfordring å gå frå fjorden til 856 moh på svarte kvelden... Iallefall hvis det bles opp med snøkave... Spenning og adrenalinkick i kvardagen!


Ingen kommentarer: