lørdag 22. oktober 2011

Noko vått ja

 
Eg tok med meg eit lass med staur på Moldura i dag tidleg. Merkestenger til øvste partiet på nordsida. Her er godt merkt med vardar frå før (takk Ansgar Bjarne), men ein del av desse vil naturlegvis bli borte under snøen til vinteren. Spesielt oppe mot toppen. Refleksen på stengene er sjølvsagt god å ha på kveldsvandringar med hovudlykt. Det er i grunn hovudpoenget med å dragse stengene opp og ned fjella om hausten. 

Dagen i dag var nok ei påminning på kor godt det er at nokon vardar.  Det var tjukk skodde til langt nedover fjellet. I tillegg var det kuling og silande regn. Vel, silande er gjerne feil å seie. Regnet stod som ein levande, vassrett vegg over toppen frå sør... Det gjalla i øyra av piskande nedslag på hovudet. Dei fleste kan vel tenkje seg at det i oktober blir fort kaldt på toppane då... Eg kom meg i skjul bak den solide varden på toppen (bildet) og fekk skifta på meg varme klede. Ikkje minst hovudet er viktig å dekke skikkeleg. 
Deretter starta eg stangsettinga ned igjen. Som tenkt var det ikkje tele i jorda. Men det er alltid litt problem med å finne så mykje jordsmonn at stengene står. Det er jo for det meste stein og berg så høgt oppe. Stormane herjar mykje i fjella ute ved kysten vinterstid. 

Det er eit stykke opp på Moldura. Å merke heile vegen med refleksstenger er både unødvendig og krev mykje stenger. Men eg må nok dra med meg nokre fleire oppover til området nordvest av Fanafjellet. Kanskje i morgon. Eg får sjå. Det var iallefall godt å kome seg i hus igjen i dag, ta ein varm dusj og fyre i omnen...

Ingen kommentarer: