søndag 4. september 2011

Asfaltpes

 Motiv frå Blegja 31/8

Dagens joggetur inn i Stongfjorden, opp bakkane til demma og vidare til Osland og minene, var av det heldige slaget. Det måtte ha vore midt inn i mellom to regnbyger. Litt yr var det einaste som kom ned. Slik sett kunne eg spart meg både det eine og andre klesplagget...:-) For jammen har det regna resten av dagen. 

Denne asfaltpesinga er eg i grunn ikkje så veldig begeistra for. Det går nemleg hardt ut over knærne. Spesielt nedover igjen. Men ein fordel har det iallefall - skodda som ligg heilt i fjorden gjer meg ingenting. For det er ikkje så lett å springe seg vekk når ein har kvite striper å springe etter...:-)

4 kommentarer:

AG sa...

Enkelte andre dreg no nytte av denne trimløypa di og.
Takk for tipset, båten er no på turre landet att om enn på ein anna plass en der han var.

Unknown sa...

Ja, eg kvapp litt då eg såg båten, utan mann og mus, midt på vatnet. Eg trudde det var SFE sin, så eg sende melding til Svein. Men dette vart no fort oppklara. Fint at skuta ikkje tok hin vegen, då kunne det jo blitt rafting ut av det...:-)

AG sa...

Ja, det merkelege var at frå eg var oppe og observerte båten til eg kom opp att iført uteklede så var båten kommen forbi første øyna og hadde kurs mot Osland, men årane var vekke så når sola atter viser sit blide ansikt må eg ut og kike etter dei.

Unknown sa...

Årane har vel reke føre innover då. Dei er vel komne i Botnen no. Artig at båten flaut innover, sidan det var overløp på demma. Kanskje det var vinden som gjorde det, eller så må straumen ha snudd på nordsida og austetter den vegen...