torsdag 29. september 2011

Asfaltflyktning

Frå turen Blegja/Blåegga/Eitrenipa 10/10/10.
Vi ser attende mot Blegja ovanfor Leknesvatna.

Eg var i grunn tenkt meg på Moldura etter jobb i dag. Det var nemleg opplett og utrulig bra temperatur. Noko dei fleste sikkert har fått med seg. Diverre vart eg sitjande nærare timen asfaltfast i Gjelsvika på veg heim. Eg fann difor ut at det vart for mykje stress å komme seg opp på Moldura og ned igjen før det vart mørkt. Ok, eg kunne teke med meg hovudlykta, men lysta liksom forsvann etter som minuttane gjekk oppe i asfaltkøa. Eg vart i tillegg trøttare og trøttare av å vente.... 

No råna eg likevel så bra til då eg kom heim at eg sprang den vanlege mila med joggesko, ja på asfalt, igjen... Med 20 grader i lufta, og i berre shortsen, vart det kjempetrim likevel.... Fantastisk flott. Og nesten oktober. 

Eg fekk elles stadfesta fjelltrimpostane for komande sesong i dag. Som tenkt så vart det dei same toppane som for 7 år sidan. Eg skal hente ned boka frå Blegja 9.oktober, samstundes som eg tek med meg den nye for neste sesong. Reknar med at dei andre toppane blir lagt ut same helga. Det skal bli kjekt.... Det vart nemleg ein litt for lang dødperiode i fjellet no i haust. Forma er likevel ganske god sidan eg har jogga ein heil del. Men no er lysta på dei nye fjella på topp... Og sjølvsagt har eg ein plan...:-)

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

For en spreking du er da, imponert over form og innsats for å komme deg ut og opp og rundt omkring! :D

Tar sats og prøver meg på en tur med turlaget i morgen: Ramsdalsheia mot Blånipa. Har bare gått den på ski for maaaaange år siden, he-he! :)

Gratulerer med heder og ære og kosehelg i Loen i et tidligere innlegg. Jammen godt gjort! ;)

Nyt helga!!! Flotte høstmotiv du har delt i det siste forresten.

Unknown sa...

Takk for skryt Eli Kristin. Berre må eg... topp eller trim. Det er gått i blodet som dei seier...:-) Herlig det! Ikkje minst å ha godt samvit fordi ein er i bra form. Det gjer noko med sjølvkjensla òg!

Ser ut som det blir bra i morgon og på søndag ut på dagen. I morgon må eg få meir ved i hus (knusktørr av ein kollega på jobb). Men søndag blir det gjerne tur igjen... God helg til deg!