søndag 14. august 2011

Krabbefiske i hamna

Stongfjorden frå hamna i dag

Det vart ingen fjell i dag. Olaug reiste med Sissel for å sjå etter sauene i Fanafjelltraktene, og eg vart heime med Peter og Hanna. Eldste barnebarnet mitt har vore her i helga. 

Mesteparten av dagen gjekk med til å fiske krabber i hamna i Stongfjorden. Eg fiska ein makrell til agn til å begynne med, og deretter agne vi både eitt og hitt. Det er fantastisk kva som rører seg på sjøbotnen. Spesielt for barneauger...! Eg hugsar sjølv vi som ungar kunne ligge heile dagane på Trossebryggja i Dale, stire mot sjøbotnen, og håpe på fangst på våre onglar med agn og gøtt. 

Timane går fort når ungar er opptekne med slikt. (Slik sett har ikkje dette endra seg særleg sidan eg sjølv var unge). Men middag og ein snopetur til Askvoll måtte det til inn i mellom. Og til slutt dukka både Olaug, Håvard, Miriam, Tora og Tirill òg opp for å sjekke fangsten av taskekrabber. Så vart det frisetjing av krabbene før dei gjekk heden. Deretter bar det heim til nylaga kanelbollar som gjekk ned på høgkant. 

Flott at det heldt seg opplett i dag òg så ungane fekk kose seg ute.



Ingen kommentarer: