lørdag 13. august 2011

Grytidleg


Siste stykket inn på Fløyen...

I dag vakna eg klokka 05.15, og stod like godt opp litt etterpå. Vèret ute var kjempeflott. Rett nok litt sørausttrekk og berre 9 varmegrader. Då var det nok endå litt surt på Heileberet. Eg utrusta meg akkurat som hin dagen: fjellsko, tights, ei kunsstoff trøye, rumpetaske med ei tynn vindtett trøye inn i, buff, mobil og drikkeflaska. Og sjølvsagt fotoapparat. Det var det. Avgarde til Rivedal. 

Eg var der inne allereie før klokka 07. Sur trekk ned dalen langs Rivedalselva, eller det som er igjen av ho etter utbygginga. Kryssing nedom demma og opp på Hundeheia. Vi kvapp kvarandre ein svartskimrande orrhane og eg. Så biten inn til Høgknolten.

Godsnakking med sauene som går her. Og så traff eg på ein heil flokk rett før oppstigninga til skaret. Det ramla i sauebjøller og breking. Somme kom bort og snusa etter mjøl. Prata litt med dei, men måtte etter litt vidare. 

Ny omgang med sur trekk på høgda innover til Driveknolten. Eg gav på for å halde hèten. Ville ha den vindtette og tynne jakka til seinare. Så opp over knolten, ned på hi sida og vidare innover. Eg skreiv meg inn i boka klokka 08.40. Sånn passe tid inn..

Det går nok litt fortare med joggesko, men dei har eg ikkje tort å bruke igjen etter det solide overtrakket tidlegare i sommar.  Er faktisk ikkje heilt 100%, og merkar det lett om eg feiltrakkar litt. Trur leddband og sener treng ro endå.

Eg knipsa nokre bilder, trekte på meg buff og vindtett, og gjekk utatt same vegen. Det gjekk lett. Og mykje av vegen sprang eg i fjellskorna. 
Utom Driveknolten traff eg på nok ein flokk med sauer som ikkje var der då eg gjekk inn. Småprata med dei litt. Desse hadde nok helde til på nordsida då. Dei var tydeleg på veg utatt. Lengtar dei heim? Det går iallefall ingen innom Driveknolten no. 

Siste stykket ut Hundeheia og ned dalen til bilen, vart det jammen varmt. Men eg gadd ikkje stoppe og kle av meg igjen, så gjennomsveitt nådde eg bilen ca 10.15. Radig tur. Men ikkje den raskaste... (den får eg ha for meg sjølv...:-))

No var vel dei andre i huset stått opp. Hadde eldste barnebarnet mitt heime ilag med Olaug og Peter, så no fekk dagen brukast til noko anna enn fjell. Eg var nøgd...

Fra Heileberget 130811

Ingen kommentarer: