mandag 1. august 2011

Fiske og fototurar












Oslandsvatnet med utsikt til Oslandsbotnen

Eg keik ut gjennom glaset kl 06. Blå himmel og gulrosa skjer av sol på fjelltoppane ikring. Praktfullt! Eg stakk ut på altanen for å få litt betre oversikt. Nydeleg! Men eit dekke av havskodde låg ute ved Atløyna. Så eg åt frukost og gjorde meg klar for ein tidleg Blegja-visitt.

Medan eg åt havregrysgrauten dukka det opp to skoddedottar ved Størdalsstauren. Og etter at eg hadde teke meg ein kopp kaffi og surfa gjennom litt triste nyhende, var skodda dukka opp på Yndestadfjellet òg. Så eg stakk ut på altanen igjen og fekk nærast sjokk! Havskodda låg nærast heilt i fjorden. I løpet av ein halvtime hadde knall blå himmel vorte til eit grautande tjukt skoddelag...

Vel, vel, so isst dass Leben. Blegja-turen vart kansellert umiddelbart. Det er berre unntaksvis at eg gidd å gå opp der i skodde. Noko problem å ta seg opp under slike tilhøve er det i grunn ikkje. På grunn av vardane. Men å gå i dette er inga oppleving. Bilda blir så dårlege òg...

Så då vart det til at eg reiste til Bakkevatnet i Holmedal i staden. Med fiskestong og fotoapparat.

Eg har eit nært forhold til Bakkevatnet. Eg hadde mange somrar på Boge og ved vatnet i barneåra mine. Vi fiska flotte kjø då. Men kjøa har kanskje vokse medan vatnet har minka? Far min og Arthur`en var som oftast med på desse turane då eg ikkje var så gamle karen. 

Bakkevatnet med utsikt vestover.
Dokka i bakgrunnen i skodde.

Frå desse åra hugsar eg Bakkevatnet som eit stort vatn. Sjokket eg fekk då eg kom tilbake for nokre år sidan var enormt. Vatnet hadde minka noko grådig...! Slik er det vel med dei fleste barndomsminna. Litt forvrengt. Og litt romantisert. Sola skein jo heile tida då. Vintrane var fyllte med mykje snø. Blegja var nærast uoppnåeleg, langt og høgt å gå. Bakkevatnet var som eit hav å rekne. No spring eg opp på Blegja på to timar, og kastar over vatnet med lettspinnstonga mi. Ein kan filosofere mykje over slikt. Men det får vere til ein annan gong.

Fisket var skrøpeleg. Eg gav meg ganske fort. Nordatrekk og skodde er ikkje mitt favoritt vèr. Verken for fiske eller noko anna. Så eg gjekk på oppdagingsferd i staden. Fann gamle minner og løyndommar. Tok bilder. Og enda til slutt opp på magen i nokre digre blåbærtuar, og slafsa i meg saftige bær det beste eg vann. Ahh livet er herlig!


Foto austover Bakkevatnet.
Heileberget i bakgrunnen.













Under tak: Eit trastereir på selsveggen ved Bakkevatnet

Det var allereie middagstid, men eg var mett av blåbær... Tidvis såg eg blå himmel. Rett som det var dukka Heileberget opp òg. Eg tenkte ein augneblink på å fare til Rivedal og vidare dit, men eg hadde berre med meg goretex buksa som eg gjekk i. Det var gjerne litt riski å springe inn i den oransje sportsboxeren òg... Nei, lysta var ikkje heilt på topp etter turen inn dit i går heller... Eg køyrde heim igjen til litt heimlege sysler i staden.


Fiskelysta var likevel ikkje heilt meitta. Det var svære greier med det nye utstyret! Så nokre timar seinare bestemte eg meg for å ta nyestonga med meg å gå rundt Stongsvatnet og Oslandsvatnet. Forbi Myraplassen og inn i botnen. Vidare til Osland og ned att hi på sida av vatna. Vel, fisken var skrøpeleg... liten... Eg drog opp i "bøtter og spann", og til slutt gadd eg ikkje meir.


Eg var likevel komen inn til skilje mellom vatna. Baksa meg fram over einer, busker og sva. Og nådde inn til den gamle Myraplassen. Eg kjende på ein måte på meg at her hadde budd folk ein gong i tida. Men etter huset og tuftene å dømme måtte det nok ha vore ei stund sidan... Eg veit ikkje kor tid dei sise flytta.














Foto Myraplassen

Det stod to karar å fiske på vestsida av vatnet inne mot Oslandsbotnen. Og så stod det to karar på austsida òg. Fiskelysta mi vart fort metta. Eg gjekk difor vidare opp til kraftstasjonen, og tok vegen ned igjen mot Osland. Her gjekk eg ned att til vatnet for å ta stranda på nordvestsida i auge. Flott gitt! Ein vekkgøymd idyll med tidleg morgonsol.













Idyllisk ved Oslandsvatnet.
Skålefjellet i bakgrunnen.

Eg sette meg på ein stein og filosoferte over livet. Over alt det triste som hadde skjedd i det siste. Over dødsulukka kvelden før. Berre nokre steinkast unna. Kor ufatteleg rikt og sårbart alt var. Kor urettferdig livet kunne vere. Kor heldig eg var. Fred og hygge er ikkje sjølvsagt...

Det hadde allereie vorte kveld. Skuggane var blitt lange. Meir skodde dreiv inn frå havet. Eg heldt fram ned vegen til bilen. Den stod ved demma. Heim til familens skjød...

Motiv mellom Stongsvatnet og Oslandsvatnet




Ingen kommentarer: