torsdag 4. august 2011

Eit par ord om Førde













Arbeidsplassen min t.h. Foto 02.08.

Eg synest området rundt arbeidsplassen min i Førde har kome seg monaleg dei seinare åra. Etter at gangbrua vart laga, og parken opprusta, har dette vorte ein idyllisk plass midt i sentrum. Her kan no barnefamiliar trille barnevogn, ungdommar sole seg på dei flotte plenane og turistar ete matpakken på dei flotte steinborda som er plasserte ut. Ofte ser eg òg joggarar og folk som luftar hunden. Langs parken renn Jølstra roleg til sjøen. Ved elvakanten her har både stokkand og siland fostra fram sine nye små for året.

Sjølv om mange meiner Førde er ein "stygg" by med firkanta bygningsmasse og grelle handelshus, så er iallefall området rundt Sparebanken S&FJ og parken unnataket. Sentrum Sør synest eg òg er på rett veg. Her går det faktisk godt an å finne roen frå kjaset og maset elles i byen. Så er du på handletur i Førde med familien, kan du godt sende kona di avgarde med Visakortet ditt, og heller lese avisa på ein benk i parken.... (Du må tilby noko som virkar...:-))Anbefalast!

2 kommentarer:

Anita sa...

Hei! Sant nok, ein kan seie mykje om Førde, men det går fint an å sjå det ein vil sjå, og eg som deg, klarer godt å sjå det fine!
Er heilt enig i at området rundt Sparebanken S&Fj er et FLOTT område som fleire byggherrar og andre kunne hatt som forbilde! Litt meir plantar og blomstrar gjer utruleg mykje! Det ser ein godt igjen andre plassar når ein er på tur....Det har kome seg litt i Førde dei siste åra, men meir kan gjerast. Hurra for dei som går føre med eit godt eksempel!!!
Anita :)

Unknown sa...

Takk Anita. Heilt einig.

Anne Lise -min gode kollega på jobb - skreiv dette til meg:

Syns du skal følgje opp med bilete at den grøne og frodige ”allèen” ein ser når ein speidar frå lyskrysset mot angedalsvegen, dei flotte grøne midtrabattane og rundkøyringane vi har fått, beplanting ved kjøpesentera og den nydelege gangvegen nedanfor gamle posten mot handelshuset. For ikkje å snakke om Pikant og badeplassane ved ”vie senteret” og området kring sjukepleiarhøgskulen… Og JA, bydalsallèen!

Min kommentar: Som alltid er det viktig å vektlegge det positive. Kanskje har Førdefolk vore for lite flinke til det? Kva med å lage ein fotokonkurranse i Firda eller eitt eller anna om alt det flotte i Førde? Sett i gong...:-)