søndag 5. juni 2011

Morgon på Heileberget

(...morgon for frie menn
takk for det fine vèret
høgt opp i himmelen,
høgt opp i himmelen)













Håsteinen, Markahengenipa, Fossedalshengenipa













Kringla, Blegja, Storehesten, Laukelandshesten.
Foto frå Heileberget i dag tidleg.

Eg vakna tidleg og keik ut gjennom glaset. Heilt klårt såg det ut for i det dimme lyset. Eg måtte så eit nødvendig ærend, og bestemte med like godt der og då for å gå på Heileberget. Den fine sommarmorgonen og vèret måtte utnyttast.

Eg parkerte i Rivedal i gryotta. Om det var temperatur for sommar kan jo diskuterast. Følgande bilde skein meg iallefall i møte då eg sette frå meg bilen:












To par tynne techtrøyer med Rab Windstopper utanpå var kaldt. Opp til demma og over Hundeheia var det såvidt eg heldt varmen. Sola var endå ikkje stått opp. Og ein isande kald nordatrekk gjorde at eg måtte speede opp for å halde varmen. 













Kaldt i Rivedal i dag tidleg

Det var sjølvsagt ikkje ein lyd å høyre. Suset frå Rivedalselva var det einaste som braut den totale stilla. Men brått kvapp eg så eg skvatt! To gaukar kom flygande over ein bakketopp utan at eg såg dei, og 5 meter, rett over hovudet mitt, skvaldra dei ut i eit ko-ko-ko-ko i rask rekkefølgje. Rypa kvepp eg stadig over. Men desse gaukane tok prisen...! 

Skodda låg tjukk inn Flekkefjorden. Dalsfjorden stille i speglande blått. Dei første solstrålane for dagen traff meg på Hundeheia ganske nøyaktig kl 05. Sola strålte inn frå skaret aust i Vagstaddalen. Eg klauv så opp skaret ved Høgknolten der eg brukar å gå, og tok det sedvanlege bildet ut gjennom Dalsfjorden mot Rivedal, Straumsnes, Holmedal, Vårdal, Atløyna og Lutelandet.
























Tjukk skodde i Flekkefjorden då dei første solstrålane skein inn Vagstaddalen

Jammen var det kaldt. Vidare opp og innover mot Driveknolten såg eg frost på graset. Og forsyne meg var vasspyttane frosne til trass i nordatrekken. Heiloparet var på plass og ynskte meg velkomen. Eller kanskje snarare tvert i mot. Eg brukte iallefall ikkje unødig tid her. 













Frose vatn ved Driveknolten

Inne på toppen av Driveknolten måtte eg bite i graset og få på meg meir klede. Nordavinden var iskald! Ein tynn Rab pullover i dun, hanskar og hue måtte fram frå sekken. Eg fekk straks ein heilt annan temperatur i kroppen.

Brått bykste ein hare opp franmfor føtene mine. Faktisk litt kvit i lèten endå. Virra litt hit og dit. Stoppa. Keik. Men bestemte seg visst til slutt for å stikke av. Ikkje det at eg skulle gjort han noko - likevel, slik er no haren ein gong skrudd i hop.

Det gjekk radig innover. Forbi sørsida av Nonsholten. Og der framme stod merkestonga for Fløyen og lyste mot austahimmelen. Som ein siktvarde. 











Siste partiet mot Fløyen. Merkestonga skin på austhimmelen...

Eg strama snøringa på dei nye La Sportiva skorna. Perfekt på foten. Rullande på berga. Lette. Dei sat godt på den beinfrosne, gamle snøen som endå låg på nordhellinga innover mot toppen. Fantastisk morgon på Heileberget.

Eg var på toppen kl 06.30. Det hadde likevel gått lenger tid inn enn vanleg pga fotografering og omkledning. I tilegg surra eg ein heil del på Driveknolten etter ei hue som eg trudde hadde floge vekk i vinden. Klatra langt ned i bratta mot Dalsfjorden. Men så viste det seg at hua låg nede på ryggen av Rab-jakka som eg hadde teke på meg. Irriterande! Komisk. Og berre til å le av egentleg... Men i den iskalde vinden måtte eg sjølvsagt finne att windstopper-hua...!

Eg skifta på meg ei Devold ulltrøye. Ny tynn wind-stopper og den lette Rab-alpin jakka. Den kalde nordatrekken kjende eg ingenting til no...

Sola var begynt å komme på Bjergelandet, men austsida av Dale og Yksnebjør låg framleis i skugge. Dei grøne bøane som er att på Bjergelandet skein som safirar i morgonsola. Men idrettshallen og Trolleskaret skal eg kanskje late vere å nemne....













(Med den omtalte hua...:-))













Tidleg på Fløyen i dag med flott utsikt  "heim "

Eitrenipa, Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten låg disige i sola i aust. Noko klårare låg Markehengenipa og Fossedalshengenipa i nord. Grønt og fint mot Fossedalstraktene og Dalsstoredalen. Fossedalsvatnet og Atlevatnet låg blikk stille. Mot Bygstad i aust såg det ut som det låg skodde. 

I utgangspunktet var eg tenkt å gå vidare mot Nipebu og til Skjerlia. For å gjere turen endå meir interessant. Problemet var avhentinga der oppe. Og Olaug skulle avgarde òg med ein damegjeng. Med asfaltturen frå Skjerlia til Røvika hitt året i friskt minne, og for å sleppe og plage fruen som sikkert kom trøtt igjen frå sin tur, valde eg difor å gå ut igjen Heileberget òg. 

Så mykje er det vel ikkje å seie om returen. Men temperaturen kom seg iallefall nokre grader etter kvart. Og trekken minka. Eg sprang ein heil del av vegen for å få litt sirkulasjon i årane. Det var likevel ikkje heilt etter planen at eg skulle komme heim igjen før fruen var reist avgarde på sin tur.... Ja, ja trimmen for dagen var iallefall unnagjort, og søndagen såvidt starta. Og litt middagskvil gjekk det no saktens an å få ordne seg...:-)

SEINARE

4 blingsar, 1 liter melk, kaffi og ei god stund på altanen seinare, gjekk eg likevel på Jamneheiane.  Peter var oppteken med kompisane sine i godvèret, så eg nytta høvet til ein rask to-timars til..

Kjekt å sjå at det var komne ein heil del kyr i Eidsvika og Smettet. Viltra var dei òg i fråsparket då eg gjekk forbi. Turen opp gjekk veldig lett i joggesko. Den klåre lufta gjorde utsikta til havs perfekt.













Viltre kyr på Smettet

Turen ned igjen gjekk litt for fort. Eg tryna så det sang to gonger. Høgre albogen fekk seg ein skikkeleg kakk i eit ublidt møte med ein stein. Pytt, pytt, så lenge ein ikkje bryt seg sund er det ikkje så mykje å snakke høgt om. 

For andre gong på kort tid var det klart for kyradans på Smettet. Kanskje ikkje så rart med alt det flotte og saftige graset kyrna gassa seg i der. Eller kven veit? Eg blir doven av for mykje mat... og kyr har eg i grunn ikkje greie på...  så kanskje var det eg som ufrivillig baud opp til dans...!? Eller kanskje den fantastiske fridommen det er å springe i grønt og frodig gras var  grunnen til kyrdadansen... Kyrne såg iallefall vèl nøgde ut...:-)

Vel heime igjen var fruen fortsatt ikkje komen igjen. Ja, ja enkelte står jo litt seinare opp. Og somme går vel litt seinare òg. Og så er det alt tòtet! Det slepp eg...:-) Morgon for frie menn veit du...:-)
 
Fra Heileberget_Jamneheiane 050611

Nydeleg på Jamneheiane i dag

Ingen kommentarer: