lørdag 11. juni 2011

Gløymde minner














Ved Fisma 

Det har lege sørgeleg med skodde i fjellet dei siste dagane. I tjukke lag. Nokon tur på Heileberget i dag vart det difor ikkje. Å gå inn heile det partiet i skodde er ikkje noko særleg å trakte etter. Ikkje det at eg trur eg skulle funne fram, det er jo nokolunde varda, men når ein ikkje ser bæret framfor seg er noko av gleda borte. Det vart difor ein tur på Jamneheiane. Der kjem ein seg lettare opp og ned frå skodda. 

Eg hadde meg ei runde ved Fismavatnet òg då kjøa hoppa så fint på det blikkstille vatnet. Litt trolsk med skodda som kom og gjekk. Det er fint her oppe. Ofte gir eg meg for lita tida på desse "små" turane. Det blir meir for trimmen sin del. Men i dag gav eg meg god tid. Fint å sitte her oppe med vatnet og filosofere. 

Eg tok meg òg ei runde på Fisma. Her er det ei god stund sidan det budde folk. Kor tid dei siste flytta veit eg ikkje. Låven og huset er i dårleg forfatning. Sjølvsagt trasig. Men dette er nok naturens gang når den "får fred". Den tek tilbake det den eingong gav frå seg. Det som likevel er dobbel trasig er at det er grana som overtek terrenget. Ho tek alt lyset og et opp all annan vegetasjon. Det står likevel igjen nokre praktfulle store lønnetre som må vere uendeleg gamle. Det må minst to mann til får å halde rundt desse.   

Vel, no får vi håpe at skodda ikkje blir liggande i fjella resten av pinsa....!


Fra Jamneheiane 110611
Fismavatnet

Ingen kommentarer: