lørdag 14. mai 2011

Mai-glede















Utsikt frå skaret ved Høgknolten i føremiddag
(legg merke til den blanke Dalsfjorden)

Eit storspovepar ynskte meg velkomen til gards ved grinda til Asbjørn i Rivedal i dag tidleg. Klokka var akkurat passert 07. Diverre låg kameraet i bagasjerommet, så eg fekk ikkje teke bildet eg kunne tenkt meg. Paret stod under 5 meter frå meg, men flaug sjølvsagt opp då eg gjekk ut av bilen for å late opp grinda. Det er nok mange godsaker å finne der hestane går. Nettopp dyr og drivne beite på gamlemåten har særs mykje å seie for fuglelivet. Mange av fuglane er i sterk tilbakegang grunna mangel på godt gamaldags jordbruk og kulturlandskap som forfell.















Hestane i Rivedal
(til orientering er dette siste bildet i serien i dag)

Eg brukar å køyre i andre sko enn dei eg går på fjellet i, fordi det er godt å skifte til noko anna når eg kjem ned igjen og skal heim. Eg oppdaga difor ikkje at eg hadde gløymt sålane til fjellskorna i dag... Litt romme og harde vart difor skorna å gå i på denne turen. 

I løpet av natta hadde eg vakna to gonger. Siste gongen i 04-tida hølja det ned ute. Resultatet var tydeleg å sjå på elva nedom demma. Den rann i strie straumar, og eg hadde problem med å komme meg tørrskodd over (det er laga til overgang oppe på sjølve demma, men det blir litt lenger å gå når eg skal opp på Hundeheia. Det er på demma DNT-ruta til Nipebu startar). 
Det var som sagt tidleg morgon. Eg likar det best slik. Og det var ikkje meir enn 6 grader. I tillegg til noko trekk, og tåkedottar som flaug med trekken, var det ganske morgon-surt innover Hundeheia. Sola var såvidt komen opp. Men den kom og gjekk bak skylaget, og varme nesten ingenting. Eg måtte difor ty til hovudplagg for å halde varmen. 

Raskt kom eg meg opp skaret ved Høgknolten. Eg likar å gå her istaden for nedom. Føler eg får fortare høgde her, og så er det fint og småkuppert innover til Driveknolten. 















Praktfull utsikt frå toppen av skaret ved Høgknolten

Heiloparet som held til her oppe følgde meg med vaktsame auger. Men no skrik dei ikkje og ber seg som tidlegare. Kanskje meir vand med meg etterkvart? Oppfordringa til andre som går denne vegen må vere å trø varsamt og roleg utan for mykje skrål... 















Heiloen følgde meg med vaktsame auge

Like etter at eg knipsa heiloen flaug ei havørn opp. Men den forsvann bak ein kant på fjellet på Dalsfjordsida før eg fekk opp kameraet. 

Eg kom meg kjapt innover mot Driveknolten. Nydeleg utsikt både til nordsida og Nipebu-traktene, og sørsida med bygdene rundt Dalsfjorden. Flotte grøne bøar, blank og stille fjord og skiftande lys. Inne på sørtoppen av Driveknolten er det ein fin utsiktsplass både inn og ut fjorden. Og spesielt ned til Eikenes og Tysselandet.















Fin utsikt ned til Eikenes frå Driveknolten

Det er drygt frå Driveknolten og inn på Fløyen. Men utanom at ein må ned frå førstnemnde igjen for å komme seg vidare innover, er det strake vegen. Litt opp og ned, men fint å ta seg fram på berga. Har sett opp ein del småmarkørar innover, i tillegg til nokre vardar som stod her frå før. Skodda kan kome utrulig fort på her oppe. I dag forsvann skoddedottane igjen, sjølv om sola aldri fekk skikkeleg tak den stunda eg var oppe. 

Eg nådde greitt inn på toppen før klokka var 09. Panoramautsikt til Dale, ut og inn fjorden, til fjella i aust og i nord. Flott plass Fløyen. Og så kan eg vinke heim til ho mor....:-)
















9 - ferja frå Dale til Eikenes

Eg skifta på meg ei tørr ulltrøye og ei tynn vindjakke. Tok nokre bilder, og gjekk ut att på Nonsholten. Denne toppen ser ein ikkje frå Dalsfjord-sida. Her er det flott utsikt austover til Fossedalen og Laukelandsfossen. I same bildet får eg her med Fossedalsfossen og sistnemnde. Fossedalen betyr mykje for meg. Utan å kome nærare inn på det her og no. 



Fossedalen midt i bildet. Foto frå Nonsholten.

Eg vog litt fram og tilbake på om eg skulle ta ned på nordsida av fjellet, og gå gjennom Vagstaddalen heim igjen. For å få litt forandring i menyen. Men valde å småjogge ut igjen dei snøfylte partia på nordsida av fjellet og til Driveknolten. Snøen var fast og fin å springe på. Eit par rypar fekk seg ein forskrekkelse og skvaldra opp framfor føtene mine så eg skvatt. Rein luksus. Eg klauv så opp igjen skaret mellom toppane på Driveknolten i det sola braut gjennom. Den varma faktisk godt i ryggen. 















Sola bryt gjennom ved Driveknolten. Det ligg enno noko snø her....















...men ser du etter er det vårteikn over alt....

Ytre deler av Dalsfjorden låg strålande blank då eg kom ut igjen det siste stykket mot Høgknolten og Hundeheia. Eit praktfullt skue. Skyane spegla seg til og med i fjorden. Omkransa fjorden låg bygdene som oasar. Utsikta her ovan i frå er blant dei finaste i kommunen... (hovudbildet). 
Mot nordsida er ikkje utsikta å forakte heller....













Fjella er sikkert kjende, men f.v ser vi Fossedalshengenipa, Eitrenipa,, Blegja og Nordre Kringla. Grautadalsvatnet t.v, Dalsstølen, Øvre Fossedalen, Fossedalsvatnet og Fossedalsfossen.  


Eg sprang ned igjen skaret og vestover Hundehea. Berga var begynt å tørke opp no, og var ikkje så glatte som på veg opp. Og elva under demma var ikkje til å kjenne att frå nokre timar tidlegare. Den rann no meir som vanleg. Eg hadde ingen problem med å komme meg over, og var raskt nede ved bilen igjen. Nydeleg mai-morgon dette, og frisk start på dagen...:-)

 




Ingen kommentarer: