lørdag 2. april 2011

Dugnad tursti

 Peter og pappa på dugnad

Som ein del av Turstiprosjekt i Kystarven hadde vi i dag synfaring og dugnad på sti til Rinda. Stien skal gå vidare til Skylefjellet der det er bra sti frå før. No er det god sti til Rinda med det som er, men på grunn av grunneigarspørsmål vart det "prosjektert" ei delvis ny rute til å begynne med. 

Sjølv om vèret ikkje var det beste, var vi nokre stykker som stilte opp og reinska busker, greiner og kratt. Største utfordringa med stien er passasjen over Rindelva. Vadet kan vere litt skummelt når elva er stor, slik som i dag. Her må det gjerast ein jobb medan elva er lita. M.a. leggast ut - og endrast på noko stein slik at straumtilhøva blir annleis. Samstundes at det vert strekt eit tau over elva til å halde seg i, slik at ein ikkje kan fare utfor fossen.

Turstiprosjektet er eit positivt tiltak for å få folk på tur. Og fjellområdet på nordsida av Stongfjorden er heilt unikt. Så det er berre å kome seg ut på tur...

Fra Dugnad tursti Kystarven 020411

Ingen kommentarer: