mandag 14. mars 2011

Nydeleg marskveld

Foto frå turen på Middagsnipa i ettermiddag.
Stongfjorden ligg spegla i ettermiddagssol og
isjuklane til fjells gjer det same...

Sidan meldinga for dagen var så flotte, tok eg med meg klede og sko til ein fjelltur på direkten før eg køyrde heim frå jobb. Så eg stoppa på Osland og gjekk opp igjen spora frå i går på Middagsnipa. Og for ein flott kveld det vart. Rett nok var det noko vind på toppen, men du verden kor flott sola skein der ute i vest av Stongfjorden. Sola bada heile fjorden inn i sølv, med fjella i nysnø kransa ikring. Fantastisk! Nydeleg tur.... For ei flott tid vi går i møte...:-)

Fra Middagsnipa 140311

2 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Kjempeflotte bilete, Gustav! Ser du teikn til våren oppi fjellheimen?

Unknown sa...

Takk Odin! Kjekt med tilbakemeldingar...:-)Det er lite som minner om vår ja, men i går sildra det iallefall frå isjuklane i ettermiddagssola. Fin oppleving det... Det viktigaste er likevel at timane for dagslyset blir fleire og fleire. Livet i naturen er styrt mykje av det. Ser m.a. at rypa spradar rundt ein del no. Men skikkeleg vår blir det ikkje før vi får mildvèr, synnavind og regn... For det vil ta si tid å bli kvitt all snøen med minusgrader om natta og sol om dagen... Slik er det no berre...