lørdag 5. februar 2011

Håp i hangande snøre

Utsikt mot Moldura frå Svarthamrane i dag tidleg
Då kom eg meg opp igjen på Svarthamrane denne lørdagen òg. Faktum er jo av dagen vart ganske fin. Mykje betre enn meldingane tilsa. Og då eg stod opp litt før 07 var det stjerneklårt ute med antydning til frost. Eg var ikkje sein om å få i meg grauten. Deretter å pakke sekken. Og i gong opp Gjerdedalen før 08. 

No tok det ikkje mange minuttane før det kom ei skikkeleg snøbyge inn fjorden. Og eg såg verken bygda eller Skålefjellet nett ovanfor i det heile teke. Men så lenge tok det ikkje før eg såg lysning i vest. Å snu var aldri eit alternativ i dag.

Eg kom fort opp i ganske tung snø. Eg gjekk ei stund utan trugar, men lenger oppe, forbi det brattaste partiet, seig eg gjennom til langt opp på anklane. Då var trugane gode å ta på....! Det ligg no alvorleg med snø lenger oppe i dalen ved Alteret og vidare opp. Omlag 1,5-2 meter. Litt varierande kor snøen har lagt seg til ro i vinden. Nokre av merkestikkene mine ser eg berre toppen av, medan andre er skjulte i snøen. 

Eg hadde ikkje sjanse å fote meg med trugane på opp det bratte skaret. Ein halvmeter storkorna snø gjorde det umogeleg. Eg glei like mykje tilbake som stega eg tok fram. Difor var eg nøydd å gå opp på skorna. Det var eit sabla slit. Ei snøbyge dreiv inn med nokre vindkast frå nordvest og traff meg i ryggen. Men allereie opp på topplatået letta den, og eg såg Holmedal i godvèr. Faktisk keik sola fram òg. Fantastisk flott. Skikkeleg flaks igjen. Så eg fekk teke nokre vinterbilder frå fjellet denne helga òg. 

Vel tilfreds bar det ned igjen same vegen. I øverste delen av dalen var det igjen godt å ta på trugane. Her seig eg langt gjennom snøen. Med trugane på bar det så godt at eg småsprang til Alteret. Men i bakkane nedst måtte dei av. 
Herlig tur. Godt å kome litt igang igjen etter dvalen.... Og no har eg nesten dei turane opp hit som eg hadde tenkt meg på førehand....!
Fra Svarthamrane 050211

Ingen kommentarer: